JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kjøtpålegg

Rettleiande verdiar kan rote oss vekk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er ikkje godt å sjå kva kjøtpålegget inneheld, men kva om det ikkje eingong inneheld det det hevdar å innehalde?

4223
20190118
4223
20190118

Tel du kaloriar sånn på nyåret? Det kan det finnast både gode og dårlege årsaker til, og eg skal på ingen måte sette meg til herre over teljeprioriteringane dine – bortsett frå ei bitte lita påminning: Like viktig som kor få kaloriar vi et, er kor mykje av dei andre næringsstoffa vi får i oss.

Kaloriar er energi, og det må kroppen vår ha, men dei må ha meir: Dei må ha protein for å bygge musklar, bindevev og skjelett, feitt for å isolere og verne mot støyt, vitamin C for å halde oppe immunforsvar og nervesystem og så bortetter. Over eit dusin ulike næringsstoff bør etast jamleg.

Korleis skal kvar og ein av oss kunne rekne oss fram til kor mykje vi får i oss av kvar og eitt av næringsstoffa? Det enkle svaret er at vi skal ikkje det. Så lenge vi et variert, høveleg mykje og høveleg sunt, får vi i det store og det heile i oss det vi treng av så vel kaloriar som anna.

For dei av oss som likevel vil fylgje litt ekstra med, finst det næringsdeklarasjonar. Om dei er friviljuge for oss, er dei på ingen måte det for produsenten. Merkevareforskrifta slår fast til minste detalj – ja, heilt ned til høgda på bokstavane – korleis ingrediensar og næringsinnhald i emballerte produkt skal merkast.

Som hovudregel står her innhald av energi, feitt, karbohydrat, protein og salt i mengde per 100 gram, 100 milliliter eller per porsjon. Til dømes deklarer First Price Kokt Skinke å innehalde 116 kaloriar, 4,8 gram feitt, 0,9 gram karbohydrat, 0,2 gram kostfiber, 17,2 gram protein og 1,9 gram salt per 100 gram vare.

Globale tabellar

Kvar kjem desse tala eigentleg frå? Må First Price sende skinka si til næringsstoffanalyse før dei sender henne ut i butikken? Må dei sidan gjere det jamleg for å vere trygg på at nivåa held seg? Og kva om det vesle gardsslakteriet i nabobygda vil selje skinka si på julemarknaden, må dei då gjennom same prosessen?

Vel, det er tre måtar ein produsent kan finne fram til næringsinnhaldet i produktet sitt på: Enten ved å gjere eigne analysar, ved å nytte seg av ingrediensar som allereie er analyserte, og derfrå rekne seg fram til verdiar, eller ved rett og slett å hente næringsverdiane i produkta frå matvaretabellen.no, Noregs offisielle ernæringstabell.

Så. Kor i all verda får matvaretabellen.no verdiane sine frå? Jau, heile verda. Fleirtalet av produkta der ute nyttar standardverdiar: Har ei kokt skinke eller ei salamipølse eller ein leverpostei vorte testa éin gong, går ein ut frå at ein annan leverpostei inneheld om lag dei same næringsverdiane. Difor er det ikkje til å kome unna at ein del slingringsmonn vert akseptert – opp til 20 prosent meir eller mindre feitt er innanfor feilmarginen i næringsverdiverda. Det kan du jo tenke på neste gong du veg smøret til frukostskiva på kjøkkenvekta.

Over feilgrensa

Meir feil enn tillate skal det likevel ikkje vere. Mellom anna difor driv Mattilsynet stadig og testar matvarene våre. I fjor haust var det kjøtpålegg som stod på agendaen. Samstundes som dei kartla næringsverdiar, ville dei finne ut kor mykje tungmetall du og eg får i oss oppå brødskiva vår.

Alt tungmetallet var innanfor grenseverdiane. Det same kan ikkje seiast om næringsverdiane: I 6 av 20 prøver var saltinnhaldet høgare enn gjeve på pakningen. Om First Price Kokt skinke skriv at ho inneheld 1,9 gram salt, har det lite å seie for nyrene dine når det reelle saltinnhaldet er 2,75 gram – nesten to tredjedelar meir enn deklarert. Gilde Go’ & Mager Servelat inneheld 41 prosent meir salt enn oppgitt.

Ser vi i staden på feittinnhaldet, går differansen andre vegen: Den analyserte spekeskinka Strandaskinke var oppgjeven til å innehalde 14 gram feitt, men Mattilsynet fann berre 9. I speka produkt og heile stykkingsdelar er det likevel lettare å skjøne at verdiane avvik frå standarden enn i farseprodukta: Det er vanskeleg å fortelje grisen at låret hans er for magert, og ikkje godt å rekne nøyaktig kor mykje salt kvar enkelt spekeskinke skal ta til seg om ho vert salta og speka naturleg.

Næringsverdiar vert altså aldri meir enn rettleiande. Truleg er det framleis tryggast å stole på heile matvarer.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

For dei av oss som vil

fylgje litt ekstra

med, finst det næ-

ringsdeklarasjonar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis