Krydderblanding
Bør vi late industrien blande kryddera for oss?
Skilnaden på chili og chili i biffblanding er openberr: Den eine kan du nytte i kakao.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
I fyrste omgang er det lett å tenke seg at krydder er noko av det mest unyttige og overflødige vi har i kjøkkenskapa våre. Krydder er nemleg smakfulle stoff med låg næringsverdi – verken kaloriar eller særleg med vitamin og mineral. Kvifor skal vi bruke areal og energi på å dyrke noko som ikkje gjev oss noko attende?
Fordi krydder hjelper oss til å ete annan mat som er god for oss. Å betre smaken med hjelp av krydder gjer at vi får i oss sunn mat vi elles ikkje ville ha ete. Kva ville graut vore utan kanel? (Kanel syner oss at sjølv denne regelen ikkje kjem utan unntak: Kanel inneheld både antioksidantar og polyfenolet MHC, som seinkar blodsukkeret.)
Korleis ein tek vare på – og får fram att – desse smakane, varierer like mykje som smakane sjølve. Somme krydder må kokast i æver for verkeleg å nå smakspotensialet sitt, medan andre sit på så flyktige aromaar at dei ikkje bør vere i nærleiken av varme. Mange krydder har ikkje berre sin eigen smak, dei er òg gode til å ta til seg smak og lukt frå andre. Då nærmar vi oss kjernen denne veka: Bør vi late industrien blande kryddera for oss?
For å svare på det lyt vi byrje med eit spørsmål til. Når var du sist i botnen av krydderskuffa eller inst i krydderskapet ditt?
Lengst bak og til botn
Tørka krydder går ikkje ut på dato, i den forstand at dei verken rotnar, myglar, vert for tørre eller for blaute. Men det er ikkje det same som at dei ikkje taper seg over tid. Smaken varer ikkje evig, og han er altså ikkje skjerma frå påverknad. Lukta du kjenner idet du opnar krydderskuffa, er det ikkje berre du som tek til deg. Alle posane og krukkene i skuffa lever med lukta natt og dag. Di fleire krydder du har som ikkje vert brukte, di mindre smakar dei som seg sjølve.
I butikken finn eg krydder for lammesteik, for omnsbakt fisk, for poteter, pasta og biff. Det fyrste som slår meg, er at biff smakar så mykje i seg sjølv at det ikkje er nødvendig med mange krydder. Skal eg fyrst krydre, vil eg krydre som variasjon, altså ikkje med den same krydderblandinga kvar gong. Sidan eg ikkje et biff nett kvar dag – og det bør ikkje du heller, for tenk på kor liten del av dyret biffen utgjer, og kor mykje av resten av kjøtet du då må ete for å bidra til at heile dyret vert ete – kan det gå ganske lang tid mellom kvar gong biffkrydderet kjem ut av skapet.
Biffblandinga er sett saman av pepar, paprika, lauk, allehande, salt, chili og rapsolje. Det er sjølvsagt ein smakskombinasjon som kan høve fleire stader, men sjansen er stor for at du alt har mange av dei, om ikkje alle, i si eiga form, enten i krydderskåpet eller i kjøleskapet. Skilnaden på chili og chili i biffblanding er openberr: Den eine kan du nytte i kakao; den andre vil du ikkje blande med sjokolade og krem.
Éin smak om gongen
For all del: Har du ei favorittblanding som passar perfekt for smakslaukane og kvardagen, er det ikkje noko i vegen for å late fabrikken blande han for deg. Men om målet er å prøve noko nytt, enten det gjeld råvarer eller krydder, er det gode grunnar til å handle smakane kvar for seg. Ikkje minst finn du då ut kva du eigentleg likar: Dersom favorittblandinga di med eitt skulle gå ut av produksjon, kan du skape henne att sjølv på eiga hand, med eigne smakssansar.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skal eg fyrst krydre,
vil eg krydre som
variasjon.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.