Kubrems og meslingar
Hypoderma bovis, kubrems.
Bjørnstjerne Bjørnson var ein mann som ytra seg om det meste, og som meinte ustoppeleg. Ingenting var for lite til å påkalle hans livlege prosa.
Ein gong skreiv han ein avisartikkel om postboda i Oslo. Kvar skal postkassane stå i dei urbane høghusa? Nede ved inngangen? Eller ved kvar dør i kvar etasje?
Dei skal stå ved inngangen, slo Bjørnson fast. Då slepp postboda å gå alle trappene i alle husa, som dei må om postkassane står i kvar etasje. Så får kvar og ein bere sin eigen post opp trappene.
Han vart bonde på Aulestad i Gausdal. Der vart kyrne ille plaga av kubrems, eit stort insekt.
Bremsen legg egga sine på hårdrakta til kyrne. Egget blir så til ei larve som borar seg under huda og inn i kroppen på kua, der dei gjer lange vandringar før dei til slutt dukkar opp på kuryggen, der dei lagar ein byll. På vårparten gneg larvene seg ut av denne byllen, gjennom kuskinnet og ut i lufta, der dei etter kvart blir til nye bremsar. Då har dei plaga kua i lang tid, før dei øydelegg skinnet hennar.
Kubremsen er ei plage, for bonden, men først og fremst for kua. Når kyrne høyrer lyden av ein kubrems, får dei panikk og set av garde med halen i vêret. Det hjelper ikkje stort.
Dette ville bøndene i Gausdal gjere noko med. Kommunestyret leigde ein mann til å reise rundt hos bøndene og stryke eit insektmiddel på kyrne, slik at bremsen heldt seg unna. Så var bremsproblemet løyst, for kyrne og for bøndene.
Då var det Bjørnson greip inn. Om dette skulle vere effektivt, måtte ordninga vere obligatorisk. Om ein eller fleire bønder sluntra unna med buskapen sin, ville bremsen framleis ha éin eller fleire stader i Gausdal å halde til. Og då var det berre eit tidsspørsmål før han kom sterkt tilbake.
Obligatorisk, sa Bjørnson. Ikkje noko slark med rom for individuelle løysingar.
Og slik vart det.
I all historie har mennesket slåst mot sjukdommane. De har vore mange nederlag, men også mange sigrar. Eit stort framsteg vart gjort då Edvard Jenner oppdaga at folk som hadde hatt kukoppar, ikkje fekk vanlege koppar. Kukoppane hadde gjort dei immune mot dei vanlege, livsfarlege koppane. Då måtte det gå an å tilføre friske menneske restar av kukoppeinfeksjon, som eit vern, meinte Jenner. Så vart gjort. Og vaksinen var oppfunnen. Metoden fekk namn etter det latinske ordet for kukoppar, vaccinia, etter det latinske namnet for ku, vacca.
I dag finst det eit utal vaksinar mot tallause sjukdommar. Skal ein til helsemessig risikable område, er det vaksinar ein kan sikre seg med. Og mange farlege sjukdommar er langt på veg utrydda. Nyfødde born har eit vaksineprogram som dei skal gjennom for å leve trygt.
Det finst menneske som er skeptiske til denne vaksineringa. Det finst både rørsler og litteratur for denne skepsisen.
I min barndom fekk alle meslingar, kregda, som vi kalla det. Det var ein av dei mange barnesjukdommane vi måtte gjennom for å ha gjort det unna og sleppe sjukdommen i vaksen alder. Sjukdommen var utriveleg, med feber og utslett.
Så vart han borte. Alle vart vaksinerte, og kregda vart eit minne.
No har meslingane dukka opp igjen. I Sverige har dei hatt fleire tilfelle, mest hos sjukehuspersonale. Så langt har vi hatt få, eitt nede i Telemark, så vidt eg veit.
Dermed har Bjørnsons problemstilling frå Gausdal dukka opp igjen. Om ein viss del av folket ikkje er vaksinerte mot meslingane, kan sjukdommen ha ein stad å halde til før han på eit eller anna tidspunkt slår til igjen.
Å velje bort vaksinen, er ikkje det å setje den individuelle valfridomen over tryggleiken til heile samfunnet, alle dei andre, som har vaksinert seg for å vere trygge?
Bør ikkje vaksinen bli obligatorisk, i det minste for folk i helsestellet?
Bjørnson var ikkje i tvil når det galdt kyr og kubrems.
Hos oss har debatten frå Gausdal akkurat teke til.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.