Kvar vart dei av?
Hans Olav Lahlum skreiv i 2013 boka Et kvart liv: Håvard Vederhus 1989–2011.
I dataprogrammet Turnerings-
service, laga av sjakkentusiasten Harald Heggelund, kan ein fylgja resultat over tid. Vi skal fylgja Sven i miniputtklassen i landsturneringa på Gausdal i 1999.
I fyrste runde tapte Sven mot Stefan Randeljovic frå Nordstrand. Stefan gav seg med turneringssjakk i 2004. I andre runde slo Sven ein spelar frå Kragerø, Bendik Svendsen, som gav seg i 2005. I tredje runde spela Sven remis mot Thomas Lie frå Porsgrunn. Eg finn ikkje fleire spor av Thomas i norsk sjakk. I fjerde runde tapte Sven mot Audun Brekke Fløtten frå Modum. Audun har ikkje fleire resultat i Turneringsservice. Han er i dag profesjonell syklist, og i sjakken mest kjend som ein av fem sjakksysken med sjakkfar Øystein Brekke. «Mr. Norsk Sjakk» skriv bøker og sel alt i sjakk gjennom Sjakkbutikken i Drammen.
I femte runde vann Sven mot Daniel Thomassen frå Alta. Daniel har ikkje fullført ei turnering sidan 1999, men synte seg i miljøet éin gong i 2007. I sjette runde vann Sven mot Christian Elboth frå Nittedal. Han gav seg etter 1999, men byrja spela på nytt i 2013, då Carlsen vart verdsmeister. I sjuande runde tapte Sven mot Tobias Kolbu frå Oslo som ikkje har registrert fleire turneringar. I åttande runde vann guten mot Eldbjørg Blikra Vea frå ein stor sjakkfamilie i Stavanger. Ho gjorde comeback i NM på heimebane i 2017. I niande runde spela Sven remis mot Arne Selle frå Hauge. Arne gav seg i 2003. Deretter slo han Håkon Øksnevad frå Nittedal, son av eldsjela Arild Øksnevad som har drive sjakkundervisning i 40 år. Håkon spela sitt siste NM i 2004.
I siste runde tapte Sven mot sterke Håvard Vederhus frå SK 1911 i Oslo. Vederhus kom på 4. plass i miniputt. Han vart leiar i Oslo AUF og døydde på Utøya i 2011.
Guten, åtte år gamal, ført opp som «Sven M. Øen Carlsen», enda slik med 6 av 11 poeng på 13. plass i miniputt. Sven har ikkje registrert fleire turneringar i Turneringsservice, men han har vore særs aktiv og god, betre kjend med siste del av fornamnet og siste del av etternamnet. M. Carlsen vann miniputtklassen året etter, og reknar denne sigeren for eit absolutt høgdepunkt i karrieren.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.