Ord om språk

Lappeteppe på tapetet

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Sist gong vart de teppebomba med stoff-ord, og me skal halda oss i same gata i dag. Opp ei teppelagd trapp og inn ei dør: Der har me teppe, som i dag er det vanlege ordet for ‘stykke av vove eller knytt stoff (til å ha på golvet, på senga, over seg, på veggen)’. Andre ord i dette landskapet er kvitel, tjeld og åklede.

Teppe er eit lånord, til liks med pledd (frå skotsk-gælisk plaide). Me ser so vidt skimten av teppe i norrøne kjelder. Då har det forma tapít (‘teppe, tjeld’). Det liknar då mykje på tapet? Ja, både teppe og tapet kan sporast attende til latin tapetum (og tapete mfl.), som er lånt frå gresk (tapés ‘teppe’), som kan ha lånt det frå persisk. Tapisseri (‘biletvev’) høyrer òg til her.

Anten teppe har persiske røter eller ikkje, er persiske teppe eit kjent teppeslag. Andre samansette ord med teppe fremst er teppebankar, teppebille (som lever i og gjer skade på tekstilar) og teppegolv. Kva med plantenamnet tepperot?

Tepperot høyrer til ei anna ætt. Av hankjønnsordet tapp kjem verbet teppa, som tyder ‘setja tapp i; stogga, stengja’ («tepp att døra!»). Namnet tepperot kjem av at urta mellom anna har vore nytta mot diaré.

Me skal ikkje feia under teppet at mange seier hjerneteppe for jernteppe. Slik går det når ein rykkjer teppet bort under beina på forma jarn (som ikkje like lett kan forbytast med hjerne)! Grunntydinga til jarnteppe er ‘branntrygt teppe som kan firast ned mellom scene og sal i eit teater’. Slike teppe vart vanlege etter den ofselege storbrannen på Ringtheater i Wien i 1881. Småbrannar kan sløkkjast med brannteppe.

Det ligg nær å tenkja at jarnteppe i tydinga ‘brått minnetap’ òg kjem frå teateret og viser til skodespelarar som vert lamma av nervøsitet. Frå teateret har me elles bakteppe og teppefall, og me seier at teppet går opp eller ned for noko. Det var Winston Churchill som tok til å nytta jarnteppe (eng. iron curtain) om det ugjennomtrengelege skiljet mellom Aust- og Vest-Europa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement