Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Likesæl usæling

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2361
20190906
2361
20190906

Mange av oss er sælekjære: Me likar å ha det makeleg og trygt. Kan henda er me snakkesæle kaffisæler (‘personar som er fælt huga på kaffi’) som helst sit inne og hyggjer oss i lag med vensæle folk når vêret er usælt. Det kan vera sælt å koma inn att etter ein tur i ruskevêret òg – ja, nokre får seg ein sælerus av slike turar. Men kva er samanhengen mellom vårt sæl og engelsk silly?

Arveorda sæle (norr. sæla) og sæl (norr. sæll) finst i mange germanske mål. Me veit at orda lenge har vore nytta om glede, hell og andre gode saker, men opphavet er uvisst. Nokre granskarar meiner at sæle og sæl kan vera i ætt med verbet . Substantivet sæle kan i so fall ha endra tyding frå ‘såing’ til ‘såtid’ til ‘lagleg, rett tid’, medan adjektivet sæl har endra tyding frå ‘såtidig’ til ‘lagleg, tenleg’ til ‘god, lukkeleg’. I nokre mål finn me òg ein utvida variant av adjektivet: tysk selig, nederlandsk zalig, svensk, dansk og norsk salig (lånt frå lågtysk) og gamalengelsk gesælig, som i moderne engelsk har forma silly. Silly tyder ‘dum, tåpeleg’, og tydingsendringa kan ha vore slik: frå ‘glad’ til ‘velsigna’ til ‘gudleg, skuldlaus’ til ‘veik’ til ‘fåvitug, tåpeleg’. Noko liknande har hendt med dansk sølle.

Den kjende helsinga «heil og sæl» kjem frå norrønt. «Kom heill ok sæll!» kunne dei seia, og det tyder: ‘Gjev du må vera helsug og glad!’ Det hende òg at folk i mellomalderen nytta sæll om heilagmenne. Slik kan me framleis nytta det: Me kan seia «sæle Olav» i staden for «sankt Olav». Me kan jamvel nytta sæl om vanlege, avlidne folk (t.d. «som sæle Hansen pla seia», jf. salig). Sæl kan elles visa til folk som trur på eller nyt det ævelege livet i himmelen. Livet på jorda er avgrensa, og det er betre å sovna fredsælt inn enn å få ein usæl daude.

Usæl er i grunnen same ordet som ussel, men tydingane er noko ulike. Ussel tyder gjerne ‘tarveleg; arm; sjukleg’, medan usæl òg vert nytta om sorg («usæl kjærleik») og vemjelege saker («usæl mat», «toalettet var usælt»). I same gata finn me vesal, som er ihopsett av ve og sæl. Nemningane usæling, usling og vesling kan brukast om stakkarar, men merk at me òg har mange nemningar for ‘likesæl person’, til dømes likesældall, likesælgast, likesælhane, likesælsole og likesæltamp (frå Norsk Ordbok).

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis