Mjølk og andre drikkar
Kvifor produserer mjølkesamvirket Tine havredrikk?
Mjølk og andre mjølkedrikkar og andre drikkar. Kva vel du?
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Kva er mjølk? Sjølv om definisjonen klart slår fast at «melk er et gulhvitt sekret fra kjertler hos hunnpattedyr som er bestemt til å være avkommets første næring», har ordet i daglegtalen i stadig større grad vorte nytte om gulkvite væsker med alle slags opphav. I tillegg til kumjølk, geitemjølk og morsmjølk har vi fått kokosmjølk, soyamjølk, rismjølk og havremjølk – mellom anna.
Medan ingen ser ut til å legge seg borti at tjukk, kvit væske seld på hermetikkboks – altså kokosmjølk – kallar seg «mjølk», er det desto fleire som lèt seg både irritere og provosere over at uttrekk av vegetabil selt på kartong, gjer det same: Soyadrikk, havredrikk, risdrikk og mandeldrikk får ikkje lenger lov til å kalle seg mjølk.
Årsaka er vel temmeleg openberr: Kartongane konkurrerer direkte med sekretmjølka. Og den vil bøndene ha for seg sjølv.
For om vi ikkje driv direkte med heilage kyr, er mjølk aldri så lite heilagt i Noreg. Sjå berre på skulemjølkordninga: Kvifor skal Tine vere den einaste som får selje drikkevarer på norske skular? Er mjølk så sunt at alle norske born må få spesialtilbod om det?
Overproduksjon
Mjølk er ganske sunt, med gode protein, høveleg med feitt, kalsium og fine vitamin. Men mjølk er òg distriktspolitikk, kulturlandskapspleie og produksjon av mat på norske ressursar: Vi kan ikkje lage kokosmjølk i Noreg, for kokospalmar veks ikkje her, men vi kan lage mjølk av gras ved å late det gå gjennom ei ku.
Og det gjer vi. I stor monn. Altfor stor monn. Så seint som førre veke var Tine ute og bad mjølkebøndene stramme inn på spenane: Dei har meir mjølk enn dei klarar å omsette, og må køyre opp produksjonen av mjølkepulver for eksport. Det er både dårleg merkevarebygging, dårleg forvaltning og dårleg økonomi for bøndene. For er det for mykje mjølk i Noreg, må bøndene betale overproduksjonsavgift. Det har dei gjort nokre år no.
Tine er ei samvirkeverksemd eigd av mjølkebøndene sjølve. Eit av kriteria for eit samvirke er målet om brukarnytte: at verksemda i fyrste rekke skal fremje eigarane sine interesser og økonomi. «Medlemmenes nytte av foretaket er viktigere enn kapitalvkastning i seg selv», som Norsk Landbrukssamvirke skriv på nettsida si.
Tine skal snakke fram mjølk. Og det gjer dei – med den eine handa. Men så har dei eit underselskap som heiter Sunniva, som produserer juicedrikkar. Og Sunniva har nyleg fått ei ny merkevare som heiter Gryr. Og dei produserer mellom anna havredrikk.
Lag på lag
Om du ikkje veit at Sunniva er eit dotterselskap av Tine, er det ingenting ved marknadsføringa av Gryr som fortel at det er Tine som står bak. Til skilnad frå andre plantedrikkprodusentar brukar heller ikkje Gryr alternativ til mjølk nokon stad i marknadsføringa si. Derimot heiter det: «Det er variasjon som gjør livet spennende. (...) I dette mangfoldet er Gryr alternativ for alle som ønsker å løfte hverdagen med et litt grønnere og mer plantebasert kosthold.»
Havredrikk er altså litt grønare. Enn kva? Enn mjølk? Kvifor det? Eg kan fort og med tyngde hevde at havredrikk i røynda er litt brunare – brune, opne åkrar, der mjølk vert produsert på faktisk grøne enger.
Eller vert ho det? Mjølk er jo i stadig større grad produsert på kraftfôr, igjen produsert på brune åkrar. Kraftfôret er hovudårsaka til at norske kyr mjølkar stadig meir – 5 prosent meir i år enn for berre fem år sidan – meir enn vi nordmenn klarer å drikke, meir enn Tine klarer å selje.
Spørsmåla står rett og slett i kø: Konkurrerer Tine ut seg sjølv ved å marknadsføre sitt eige alternativ? Eller tek dei ein plass i marknaden andre elles ville tatt frå dei? Burde dei i staden konsentrere seg om det dei er sette til å gjere: produsere best (nei, ikkje nødvendigvis mest) mogleg mjølk på norske ressursar?
Eg held ein knapp på det siste. Attende til grasrota. Verken meir eller mindre.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Havredrikk er altså
litt grønare. Enn kva?
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.