Norsk språkstrid i 1814
«Skriftspråket var Dansk, intet uden Dansk», sa P.A. Munch
Kampen om Norges sjel, har Øystein Sørensen kalla bandet sitt i den norske idéhistoria, om tida frå 1770 til 1905. Det er ei gripande forteljing om ein ung nasjon med ei gammal historie som søkjer sin eigen identitet i ei ny tid, som prøver å finne ut kven han i dag er. Boka er rik, full av meiningsberande detaljar. Og full av strid.
1800-talet var starten på den norske språkstriden, med Aasen, Vinje og Garborg som frontkommandantar.
Men den norske språkstriden starta før, med andre frontar. Under forhandlingane med svenskane om den nye unionen utover hausten 1814 , fram mot den nye grunnlova av 4. november 1814, fekk nordmennene inn ein paragraf som sa at Forestillinger om norske Sager skulle omtalast i det norske Sprog. Poenget var å verne seg mot forsvensking. Svenskane godtok paragrafen utan diskusjon, og han kom også inn i Riksakta av 1815, det overordna unionsdokumentet.
Men det norske sprog, var ikkje det dansk? Det har tydelegvis murra ein tvil om kor fagleg solid dette vernet mot forsvenskinga var. Det akademiske kollegium ved vårt nye universitet fekk i oppgåve å gje ei vitskapleg fråsegn om skriftspråket i Noreg. Fråsegna Sproget som en Odelsarv fra vore Fædre kom i 1815. Og konklusjonen var den oppdragsgjevaren ønskte seg: Det fælleds Sprog er ligesaavel Norges som Danmarks Eiendom, utvikla på grunnlag av det kollegiet kalla Vore Forfædres Tungemaal. Dette fellesspråket hadde også nordmenn vore med og utvikla, så vi hadde erhvervet os fuldeste Ret til at kalde dette Sprog ogsaa i dets nyeste Form vort.
Så hadde vitskapen gitt ryggdekning til språkmuren mot Sverige. Dansk var godt nok norsk. Språkfreden hadde lagt seg.
Men det murra. Spesielt danskane hadde problem med å slå seg til ro med at nordmennene hadde tatt språket deira med ut av unionen og kalla det norsk. Historikaren Christian Molbech protesterte alt i 1815 over at nordmennene hadde begynt at indføre Talemaaden norsk Sprog om det danske skriftspråket. Men, som han sa, Navnet giør Intet til Sagen. Seinare vart han skarpare i tonen. Diktarpresten N.F.S. Grundtvig blanda seg i debatten, med sin kraftige trompet. Å kalle det danske språket norsk, var latterleg, slo han fast. Og han var ikkje Grundtvig om han ikkje også tok med seg Gud på laget for å refse dei frekke nordmennene som stal det danske språket: Kalde enhver Ting ved sit rette Navn, thi dette hører Gud og Sandhed til, det andet hører Djevelen og Løgnen til. Gud bevare gamle Norge! Sandhed gjenlyde fra Klipperne!
Det var språket i det nye og sjølvstendige kongeriket Noreg det handla om, nasjonal prestisje i ein ung stat. Mykje sto på spel. Mange bar ved til bålet. Jusprofessor Henrik Steenbuch fann ut at det norske skriftspråket på eiga hand hadde utvikla seg mot dansk, ei utvikling som var avslutta alt på 1500-talet. Så var dansk godt nok norsk. Han vart, med Øystein Sørensens ord, høvla ned av den kjende danske språkforskaren Rasmus Rask. Det ville vere som å insistere på at Austerrike hadde eit eige språk, når språket faktisk var tysk, sa Rask.
Mange heldt fast ved at dette språket var dansk, og ingenting anna. Det faglege øksehogget kom frå P.A. Munch rundt 1850. Skriftspråket var Dansk, intet uden Dansk, sa P.A. Munch.
Kompromiss var prøvde. Ein innsendar i Morgenbladet ville kalle språket norsk-dansk. Han vart klubba ned av jusprofessor Steenbuch. Språket var norsk, insisterte han. Nemninga modersmaalet vart ofte brukt. Det var ei nøytral nemning.
Debatten bølgja og gjekk. Nokre nordmenn ville prøve å tilføre fellesspråket, det vil seie det danske språket, særnorske ord og uttrykk. Andre var opptatt av å ha det danske språket som eit vern mot Sverige og svensk språk. Jo mere forskjellig det er fra Forbundsstatens, des sikrere Værn maae det ansees at være for vor Selvstændighed, skreiv stortingsmann Bonnevie, ein markert svenskehatar.
Få av aktørane i debatten ante at debatten alt var på veg til å slokne. Ivar Aasen var fødd i Ørsta i 1813, året før det lukkast for dei norske forhandlarane å få svenskane med på at dansk språk i grunnen var norsk, i alle fall norsk nok. Aasen og flokken hans meinte ikkje det.
Det reine danske språket forsvann frå norsk språkdebatt. I staden kom to norske språk til å stå mot kvarandre: eit moderne norsk med innslag frå gamalnorsk og bygdemål, og eit moderne norsk med innslag frå dansk.
Freden ein hadde oppnådd ved å få svenskane til å godta dansk språk som norsk språk, vart ein kort episode i ei blindgate. Språkstriden kom til å dominere norsk politikk.
Anderas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»