JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Øl for ei ny tid

Éin ting er nostalgien. Ein annan er at vi no på det næraste er nøydde til å kjøpe endå meir øl.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
No finst det så mange øltypar at ein kan drikke øl dagleg i vekesvis utan å drikke den same øltypen to gonger.

Fotol: Gorm Kallestad / NTB scanpix

3907
20170811
3907
20170811

Fyrst forsvann muraren, den brune 0,7-liters ølflaska som ein minst måtte vere murar eller skogsarbeidar eller budeie for å klare å lyfte til munnen nok gonger til å tømme henne. Men så var det gjerne heller ikkje det som var poenget; skulle ein ikkje dele muraren?

Kanskje forsvann muraren om lag då vi skjøna at vi ikkje trong å dele ein øl lenger, no hadde vi endeleg fått råd til kvar vår flaske. For mindre lunkent eller dødt vart det knappast, alt ølet vi no drakk frå kvar vår bjørnunge – dei framleis brune, men under halvparten så store 0,33-liters flaskene. Min eigen bjørnunge skilde seg berre frå din på etiketten, i det du reiste frå ein landsdel til ein annan. Han var standardisert for å passe i pantesystemet og ølkassane på butikkar og ølpol i eit land der det er langt både frå bryggeriet til butikken og attende.

Pompøst øl

Litt pompøst kan vi seie at ølflaskene våre speglar tida vi lever i, og slik sett passer det fint at vi no ikkje skal ha standardiserte glasflasker lenger. I staden skal ølvegen dele seg i to: den beine, firefelts boksmotorvegen, einsretta og rask, eller den krokete, vesle handverkarstien som osar av sjarm.

Handverksbryggeri tapper ikkje på standardiserte flasker. Skal ein skilje seg ut i mengda, må glaset spegle fjorden bryggeriet i det minste har i namnet (om ikkje i gagnet), etiketten lukte bestemor eller seie barnevenleg vaksenøl eller aller helst Kreutzberg og Barcelona à la 2006 kombinert med dalbotn på Dovre og/eller tørrfisk på hjell.

Dette er – trass alt – den gode sida ved at bjørnungen forsvinn. Tenk så mykje morosamare det er å handle øl no enn det var for sju–åtte år sidan. Du kan drikke øl kvar dag i vekevis – kanskje månadsvis? – utan å opne same øltypen to gonger.

Mengdeøl

Men. Det var nett det. Kor mykje øl skal vi eigentleg drikke? Ifylgje SSB gjekk konsumet faktisk ned 5,8 prosent frå fyrste kvartal 2016 til same tid i år, men kvar av oss drikk framleis meir enn dobbelt så mykje som nordmenn flest gjorde i 1950, og då er smugling, turistimport og ikkje minst heimebrygging halde utanfor.

Før var det lett å handle øl til helga. Bjørnungane vart selde i sekspakningar med pappfeste på toppen. Seks gonger 3,3 desiliter er tett under to liter øl. I tenåra – før pubar var eit alternativ og tolegrensa framleis var låg – heldt det med ein sekspakning til ein kveld. Seinare vart det éin til vorspiel og to til festar som varte ein heil kveld. No kjem ingen tenåringar til å kome heim med seks enkle ullsokkar i sekken lenger. (Til foreldre: Sokkar kring flaskene hindrar klirring.)

Skal du no plukke med deg ei enkelsamling standardisert pils frå butikken, har den lågaste mengda du kan verte bydd, auka med ein heil tredjedel eller tre bjørnungar, om du vil: seks halvliterar. Då ender du altså opp med tre liter øl. Eller så kan du kjøpe ti 0,33-boksar – ein såkalla fridgepack – og kome heim med 3,3 liter øl. Kombinasjonar av lågare volum finst, men ikkje i alle butikkar, og dei må ein leite etter. Med andre ord: Standarden er heva – kvantitativt.

Kvifor har bryggeria og butikkane gjort denne endringa? Er det for å vere greie med deg og meg? Dei vil heilt sikkert seie dei speglar etterspurnaden. Men han er ikkje skapt av tomme lufta. Det fyrste som må vere på plass for at eg og du skal drikke øl heime, er at vi har øl i kjøleskapet. Det er ikkje urimeleg å hevde at om vi kjøper meir, drikk vi òg meir.

Ein ting er i alle høve sikkert: Opnar vi ein ølboks, drikk vi han opp – om han no inneheld ein halvliter eller ein bjørnunge. For min del var ein tredjedels liter den perfekte kveldskosen. Sidan eg ikkje kjenner meg heilt klar for fridgepack, kjem eg sikkert til å venje meg til at han no er ein halvliter. Om eg har godt av det? Eg tvilar.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kor mykje øl skal vi

eigentleg drikke?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis