Frå matfatet

Oppdrettslaks

No får du kjøpt landbasert oppdrettslaks i butikken. Er det eit godt val?

Landbasert oppdrett har eksistert lenge, men har enno ikkje tatt heilt av. Kanskje er det no det skjer?
Publisert Sist oppdatert

Denne spalta har ikkje for vane å skryte av nyvinningar i daglegvareutvalet. Snarare tvert om: «Nye» varer i hyllene plar ikkje representere endring i anna enn smak. Om det er ei sjokoladeplate, ein yoghurt eller ein ferdigpizza, er produktet i grunnen det same, berre tilsett ein annan smak.

For varene vi skal sjå på i dag, er det omvendt. Det skal truleg mykje til for at du smakar skilnad på dei to typane røykelaks frå merkevara Lofoten som du no får kjøpt hjå Meny: Begge to er einerøykte, begge to er ferdig skiva, og dei kostar det same. Her er det produksjonsmåten som er ulik: Der den eine kjem frå merdar i havet, er den andre det fyrste produktet frå landbasert oppdrett.

Kor stor er skilnaden, eigentleg?

Bra for villaksen

Laksen Lofoten foredlar, kjem frå Salmon Evolutions anlegg på Indre Harøy i Møre og Romsdal. I eit anlegg med 59.000 kubikkmeter tankvolum produserer dei nærare 8000 tonn laks i året. Målet er å bygge seg opp til over 30.000 tonn per år i 2028.

Å flytte produksjonen inn på land har fleire fordelar: Ved å pumpe vatn frå sjø til land, la det sirkulere i tankane og så reinse vatnet før ein slepper det ut i sjøen att, får ein full kontroll med både kva som er i vatnet når det er i kontakt med oppdrettslaksen, og kva – om noko – reststoff frå oppdrettsproduksjonen som slepp attende til havet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement