Berg og bægjegrindar
Folk som misser interessa for ei tekst når dei støyter på ord dei ikkje skjønar, gjer lurt i å styra unna Olav Nygard. Han utvida ordtilfanget sitt jamt, fyrst og fremst gjennom å lesa og granska ordbøker. Ei av hovudkjeldene hans var Norsk Ordbok (1914) av Steinar Schjøtt. Når han fann eit ord som hadde nett den tydinga eller klangen han var ute etter, nytta han det, jamvel om ordet var lite kjent elles.
Nokre av oss stortrivst med språkleg detektivarbeid. Me har ikkje noko imot å slå opp i ordbøker midt i diktlesinga eller kika på ordlista som står bakarst i mange av utgåvene med Nygard-dikt. Nei, ordtilfanget er halve moroa! Å arbeida seg gjennom tekster med uvanlege ord er å «gå ein topptur i språket», som Arild Bye skriv i ein artikkel om Kristofer Uppdal (Språknytt 3/2011).
Kva er so eit «vanskeleg» ord? Det ymsar frå lesar til lesar, men me har gjerne ei aning om kva for ord som er ålment kjende og ikkje. I Nygard-ordlistene finn me ord som fyndels (‘initiativrik’), glòn (‘lysning’), rygd (‘redsle, gru’), timd (‘augnesyn, øygning av noko fjernt’) og traamøle (‘misstemning, dårleg lune, trass’). Her skal me sjå nøgnare på to andre ord: møne og bægje.
Møne er då grei skuring, kan me tenkja. Men sjå her: «Aa ungdoms himel! Solvarmt, solvarmt spralar / det mønelangs av bringeeld som brann» (frå «Til son min»). Og i «No kvil deg» står det at «her sildrar fram or heimsens merg og møne / ei heilag saft». Læt det ikkje litt vel underleg at safta sildrar fram frå mønet? Eller at bringeelden er oppå mønet?
Det er ikkje inkjekjønnsordet møne (‘takrygg’) Nygard har nytta her, men ein nær slektning: hokjønnsordet møne, som tyder ‘ryggmerg’. Jorda «rengjer/ si graaberg-møne ut», står det i «Til ein ven paa Italiaferd». Båe møne-orda er runne av ei rot som tyder ‘stikka fram, stå ut’. Andre nærskylde ord er man, manke og munn.
Ordet bægje kan vera eit bægje for lesaren. Bægje tyder ‘hindring, stenge’ og er avleitt av adjektivet båg (‘meinsleg, uhøveleg, lei, tverr’). Det finst òg som verb: «Du står og bægjer for meg.» Å kjenna bægje-orda er lurt, for Nygard nyttar dei tidt. Han skriv til dømes om ein «evig bægjestein», «bægjegrindar» og ei «bægjall (‘stengjande’) elvebylgje». Dikt-eget i «Kong mann» «reiser bægjemur».
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.