JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Berre på film

I dag skal me riva plastfilmen av film og visa nokre filmklipp frå soga til dette substantivet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kva tydde film i tida før filmkameraet? Biletet viser den vesle filmelskaren i filmen Cinema Paradiso.

2363
20240419
2363
20240419

Kan henda vert det litt som ein bakomfilm? Nokon katastrofefilm vert det visseleg ikkje, for film har jamn oppdrift og ingen klåre fiendar. Men filming kan vera katastrofalt. Å verta snikfilma i dusjen er i alle fall mykje alvorlegare enn å låst vera felt og skadd på fotballbana («få gult kort for filming»).

Me har diverre ikkje tid til å sitja og nistira på film i sakte film. Det trengst vel ikkje heller: Alle skjønar at det som i dag er hovudtydinga til film, ‘verk sett saman av ei rekkje bilete som gjev illusjon av rørsle’, er ei temmeleg ung tyding. Mange veit nok òg at vårt film er lånt frå engelsk. Men kva tydde film i tida før filmkameraet?

Den opphavlege tydinga er den me ser i ord som biofilm, oljefilm og plastfilm: ‘hinne, tynt skinn’. Ordet kjem truleg av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘dekkja’. Av same rota kjem fille (eig. ‘skinn’), lêr og pels (frå latin pellis ‘skinn, fell’). Det ligg nær å tenkja at fell òg høyrer til her, men det skal henga i hop med falda og er ikkje i ætt med dei nemnde orda.

Engelsk film vart lenge nytta om ulike former for hinner og tynne lag. Frå midten av 1800-talet byrja det koma nye tydingar. Tidleg i fotosoga nytta ein plater eller papir som hadde eit lag med noko (t.d. gelatin) på seg, og film vart nytta om dette laget. Sidan vart ordet òg nytta om sjølve papiret eller celluloiden og liknande («setja film i kameraet»).

Tidleg på 1900-talet fekk ordet tydingar som ‘rekkje av levande bilete som dannar ein heilskap’ («ta opp film av noko», «sakte film», «fort film»), ‘verk sett saman av levande bilete’ («sjå filmen på kino») og ‘levande bilete som kunstart og industri’ («gå til filmen»). Det har lenge funnest folk som er gode til å skriva filmmanus og regissera, klippa og distribuera filmar, men i dag trengst det òg folk som kan slå fast om ein film er ekte eller ikkje. Det er skilnad på filmtriks og falske videoar.

«Det er berre (på) film», kan me seia når ein film skjek eller skremmer oss, men hjelper det? Og når me seier at ein skodespelar «ber filmen», er det ikkje tale om å bera filmrullar eller dvd-ar, men å gjera ein (dårleg) film verd å sjå. Mang ei filmstjerne har fått til det.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis