JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Fliregeit med geitestir

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2363
20240802
2363
20240802

Mange har ete geitost, men om ein vil smaka rusdrykk frå geit, lyt ein til Valhall. På taket der står Heidrun. «Or spenane hennar renn det mjød ned i eit kjerald og fyller det kvar dag», fortel Snorre i Den yngre Edda. Andre geiter i norrøn mytologi er bukkane som dreg kjerra til Tor: Tanngnjost («tanngnistrar», ‘den som skjer tenner’) og Tanngrisne (‘den som viser tenner’).

Andre spaltistar i denne avisa har skrive godt om geiteal, geitemjølk og geitehald i det heile. Her skal me sjå på sjølve ordet geit. Det er mykje å seia om bukk òg, og om kje (same ordet som engelsk kid ‘killing; barn, ung person’, som er lånt frå norrønt). Me skal ikkje hoppa bukk over bukk, det lyt berre venta til neste veke.

Opphavet til geit (norr. geit) er uvisst, men formene til ordet er lette å kjenna att, som dansk ged, svensk get, engelsk goat og tysk Geiß (mest i sørtysk). Det vanlege ordet for ‘geit’ i tysk er Ziege, mykje fordi Luther nytta det ordet i bibelomsetjinga si. Latin haedus (‘ung geitebukk, kje’) er runne av same rota som geit.

Geita har vore kalla fattigmannskua. Me har òg mange døme på at noko som ikkje er ei geit, vert kalla geit. Den store kvefsen geithams har veidehorn (el. følehorn) som minner om geitehorn (jf. svensk geting ‘kvefs’). Planta geitrams har mange namn, mellom andre geiteragg og geitskor (‘geitehår’). Her må det vera likskapen mellom frøull og ragg som ligg til grunn.

Mange har vore glad i geitene sine og ottast, som guten i «Blåmann», at bjørnen eller andre rovdyr skal ta dei. Andre har harmast på geitene, utan at det har nytta: «Di meir ein bannar geita, di betre trivst ho.» Augnelaget til geita er òg noko folk har lagt merke til. Å «få geitestiren (el. sauestiren)» er å sjå lenge og tomt framfor seg.

Geita er gløgg anten ho er tam eller vill. Då rimar det bra at geit har vore nytta om vit og tankekraft («ikkje ha alle geitene sine» ‘ikkje ha alt vitet sitt’). Folk som vil målbera at ei kvinne er tåpeleg, tilgjord, sjølvrådug eller liknande, har òg gripe til geit («den jålegeita», «ho er eit geitbein», «no kjem desse tullgeitene»).

Då står det berre att å ynskja god tur til alle tobeinte fjellgeiter som har tenkt seg opp på eitt eller fleire av fjella eller høgdedraga som ber namnet Geiteryggen.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis