JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

For mi rekning

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2365
20220701
2365
20220701

Eg har ikkje finrekna på det, men eg reknar med at eg er på trygg grunn når eg seier at rekna er mellom dei orda me oftast grip til når me talar om tal. Kan henda sit det reknemeistrar der ute som har hug til å rekna ut kor vanleg rekna er i høve til ord som telja og kalkulera. Dei bør rekna seg god tid, for dei lyt samla tilfang før dei kan finna fram reknemaskina. Er det rekningssvarande å rekna på slikt?

Granskarane reknar det som svært sannsynleg at rekna heng i hop med adjektiv som rak og rett. Det ser ikkje ut til at granskarane har misrekna eller forrekna seg her. Orda som høyrer til denne ætta, plar tyda ‘ordna i bein line’, ‘gjera strak’, ‘skipa’, ‘styra’ og dilikt. Rekning er visseleg ei form for ordning. Det å skipa og dela inn tida på ein viss måte kallar me tidsrekning, til dømes. Me skal elles ikkje rekna opp alle formene av rekna her. Det får halda med engelsk reckon og tysk rechnen.

Gjennom å rekna kan me få oversyn over ei sak eller stode. Ikkje uventa vert rekneskap ofte nytta biletleg om oversyn, utgreiingar og ansvar, jamfør «halda rekneskap med» (‘ha oversyn over’), «krevja rekneskap av» (‘krevja utgreiing av’) og «stå til rekneskap for» (‘stå til ansvar for’). Mange har vyrdnad for innfløkte utrekningar og tal i det heile, men stundom går det for langt: «Rekninga kan aldri ljuga, sa guten; han hadde rekna ut at han var eldre enn far sin.»

Addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon vert ofte omtala som dei fire reknemåtane eller rekneartene. I tillegg kjem ei rad andre former for rekning, som prosentrekning, brøkrekning, sannsynsrekning og ikkje minst hovudrekning. Ein kan nok verta rekna som glup jamvel om ein ikkje får alle reknestykka til å gå opp.

No er det ikkje alt som kan reknast i kroner og øre, men dei som skal ha godtgjersle for varer og tenester, plar skriva ut ei rekning. Det er viktig å gjera opp for seg, og me kan fint nytta rekning til å målbera at nokon har gløymt noko viktig, jamfør «gjera rekning utan vert» (eller med bokstavrim: «gjera rekning utan reiar»). Ordlaget «(gjera nokon ein) strek i rekninga» har vore nemnt her før, men me tek det ein gong til: Det tyder eigenleg at me strekar over ei utrekning og soleis gjer henne ugild. «Utreknaren» lyt dimed vurdera alt på nytt.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis