Gå i gløymeboka
«Ein minnest mykje og gløymer meir», vert det sagt. Ja, noko hakar seg fast, men det meste kjem i gløyma. Til dømes er det uråd for meg å hugsa alle orda eg har skrive om i spalta. Som mange har røynt før meg: «Svart på kvitt er godt for gløymska.» Eg har eit register som går attende til spaltestarten i 2009. Om me skal tru den lista, har eg ikkje skrive om gløyma. Ei rein forgløyming!
Gløyma er ikkje eit ord som treng å bergast frå gløymsla. Eg spår at dette verbet svingar seg om hundre år òg, jamvel om det heiter seg at om hundre år er allting gløymt. Ordet finst berre i nordiske mål (isl. gleyma, fær. gloyma, sv. glömma, da. glemme). Folk som skriv bokmål, kan velja mellom glemme og glømme. Er det nokon sjanse for at glømme vert den vanlegaste av dei to skriftformene? Nei, det kan me berre gløyma!
Gløyma kjem av eit substantiv som ikkje ser ut til å vera i bruk lenger, men som me finn i norrønt: glaumr (‘gny, ståkande moro, styr; gaman, glede’). Norrønt gleyma tydde både ‘halda leven, vera lystig’ og ‘ikkje hugsa, vanakta, ikkje ansa’. Den fyrstnemnde tydinga er den eldste. Det er vel berre rett og rimeleg at eit ord for å ståka og ha det moro har fått tydinga ‘missa or minnet’? Stundom har me det so artig at me gløymer tid og stad og plikter og oss sjølve.
Mangt viktig kan gå i gløymeboka, men som regel hugsar me (på) dei gjeremåla og folka som er viktige for oss. Det er leitt å verta so gløymsk at det viktige kverv. Ikkje minst er det leitt å kjenna seg gløymd eller beint fram verta utegløymd frå ei opprekning (jf. «ingen nemnd, ingen gløymd»). I samfunn der ekteskapet og par-norma står sterkt, får det ugifte og einslege livet eit stussleg drag over seg. Eg gissar at mange «attergløymer» og «attergløymingar» har vore strålande nøgde med livet sitt, trass merkelappen.
I alle høve har det leie lett for å bita seg fast: «Det gode vert ofte gløymt og det vonde gøymt.» Men det hender at me gløymer (‘ser bort frå’) gamal urett, og stundom oppmodar me folk om å gløyma noko: «Berre gløym det!» Det finst eigne adjektiv for det me aldri gløymer, til dømes ugløymande og ugløymeleg, og ikkje å forgløyma uforgløymeleg. Me er rett nok ikkje nøydde til å nytta forgløym-ord. Til dømes kan me velja minneblom framfor forgløymmegei.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.