Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Glaning på glansbilete

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2357
20250117
2357
20250117

Mange ord har mist glansen, men glana er ikkje mellom dei. Det ordet får me midt i glaninga jamt. Slik er det med glo òg. Folk glanar og glor og vert spurde om kva dei glanar og glor på. Men det at orda viser til ei vanleg gjerning, er ikkje den einaste grunnen til at glansen held seg. Dei er runne av ei rot som tyder just ‘vera ljos, skina’.

Det er uråd å få denne rota til å syna seg i all sin glans, men granskarane meiner at ho ser om lag slik ut: ghel. Frå henne kjem ei rad strålande ord på gl, som glana, glans, glinsa, glo (‘stira; lysa, skina’), glo (‘noko som brenn utan loge’), glor (og glorete), gløda og glåma (‘stira, kopa’). Dessutan kjem gul, gull og truleg glas og glida herfrå.

Eit ord som derimot ikkje høyrer til her, er glans i tydinga ‘rund, glatt struktur; hovud’, som i «glans penis» og «glans klitoris». Det kjem frå latin glans, som tyder ‘kjernefrukt; eikenøtt’ og har vore nytta om saker som på skap liknar ei eikenøtt. Glans i tydinga ‘strålande ljos eller skin; stordom’ kjem frå tysk Glanz. Båe kastar glans over målet vårt.

Ein kan undrast på korleis ei rot som har med ljos og skin å gjera, kan gjeva oss ord som tyder ‘stira, kopa’ (som glana, glo, glåma og radt fleire). Er det fordi me gjer store augo, so mykje av augnekviten synest? Eller at augo mestsom vert glødande? Tja. Eg har ikkje funne ordbøker som gjev klåre svar, men vågar meg til å koma med eit tredje framlegg.

Grunntydinga til glo er ‘skina, gløda’ (jf. engelsk glow). I nordisk fekk ordet dinest tydingar som ‘draga til seg merksemd gjennom skinande, strålande utsjånad; falla i augo’. Det same gjeld glana: Dei gamle tydingane ser ut til å ha vore ‘skina fram, stikka i augo’. Det kan tenkjast at desse orda som viste til noko som er iaugefallande, seinare vart nytta om det å oppleva at noko fell i augo. Men kven veit!

Glans i augo kan me ha same kva. Når me veit at nokon lenge har øvt på eller streva med noko, og dei endeleg greier det med glans, kan tåreglansen lett melda seg. Me tykkjer gjerne at det ljose og glinsande er gjævare enn det mørke og matte. Glans er prakt, stordom og høgdepunkt, jamfør glansdag, glansnummer og glanstid. Nokre vil ha glansfullt hår og nyttar glansvask. Men ingen kan leva av knappar og glansbilete.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis