I stride straumar
«Milde folk og blide vinn meir enn dei stride», seier ordtaket. Er det rett, eller er det berre noko milde folk trøystar seg med når dei har råka ut for ein lei stridbukk og er nær ved å stridgråta? Stundom er det lurt å stå stridt på sitt og vera djerv i møte med stridsspørsmål og stridnakkar. Men alt med måte: «For linn er eit lyte; for strid er verre.»
Mange vert merkte av livsens strid, og nokre strider frå seg (døyr) altfor tidleg. Arveorda strida (el. stri) og strid har det ikkje so stridt, men dei og lånorda kriga og krig møtest jamleg i venleg kappestrid. Når det gjeld opphavet til strida og andre strid-ord, finst det motstridande teoriar. Éin teori er at strida fyrst tydde ‘stega ut’ (jf. eng. stride ‘gå’), dinest ‘gå imot’, so ‘vera hard mot, plaga’ og til sist ‘slåst, kjempa’.
I alle høve var verbet opphavleg lint. I dag stridest den linne og sterke bøyinga (stridde el. streid; har stridt el. stride mfl.). Truleg har gamle sterke verb (som rida og vrida) verka inn på bøyinga.
Substantivet strid har lenge vore nytta om ‘usemje som fører med seg bruk av våpenmakt; krig; det å føra krig’ (Norsk Ordbok). Mange menn i stridsfør alder, nokre meir stridslystne enn andre, har drege ut i striden og falle i striden. Ei rad vendingar som opphavleg viste til slike stridar, vert nytta biletleg om meiningsskilnader og ordskifte. Til dømes kan deltakarane i målstriden «kasta stridshansken» og «grava ned stridsøksa».
Å strida er likevel meir enn å slåst med våpen eller ord. Det kan vera sliting med og mot naturkrefter, kjensler og anna («eg strider med gråten», «dei har mykje å strida med»). Me nyttar òg strid om slikt («eg hadde mykje strid med det»). Dessutan finst det eit hokjønnsord her som berre vert nytta om hardt strev: stri («midt i jolestria»). Når me talar om mishøve, grip me òg gjerne til strid-ord: Det strider mot vanleg folkeskikk å handla stikk i strid med avtala.
Dei som ikkje er vortne stridstrøytte enno, kan gå inn i sluttstriden med adjektivet strid. Det tyder mellom anna ‘som står rett opp eller ut, stiv’ («stridt hår»), ‘sterk’ («elva gjekk strid»), ‘ubøyeleg’ («ein strid granne») og ‘slitsam, dryg’ («ein strid tørn»). Strid gjer jamvel tenest som forsterkande førefeste: stridbelja, stridregna, stridrenna.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.