JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

«Lat oss nytta høvet til å ransaka kjellar frå kjellar til loft.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2415
20241004
2415
20241004

Nokre har fått innsig av vatn i kjellaren i haust. Andre har fått kjellarsopp. Sæle er dei som har ein god og turr kjellar utan noko kluss, eller som ikkje har kjellar og trivst godt med det. I alle høve er me no i ein bladkjellar (‘(artikkel på) nedre del av avisside’). Lat oss difor nytta høvet til å ransaka kjellar frå kjellar til loft.

I norrønt finn me formene kellari og kjallari. Dei kjem frå latin cellarium (‘forrådskammer’), som heng i hop med cella (‘lite rom, kammer’), jamfør lånordet celle. Kelner høyrer òg til her. Det har sige inn i nordisk frå tysk, men kjem av mellomalderlatin cellenarius (‘kjellarmeister’), som er avleitt av cellarium.

Det er ikkje berre på kjellarrestaurantar me møter kelnerar. Men sjølv når dei arbeider i toppetasjen, veit dei kva som finst i vinkjellaren. Kjellarar flest er svale og ein framifrå lagringsplass for mat og drykk. I boka Arbeidet i bygdene (1980) skriv Johannes Gjerdåker at «det var potetbruket som gjorde at folk byrja å grava ut kjellarar under husi».

Me har omgrep som potetkjellar, fruktkjellar og matkjellar. Mange har saft og ymse sylta godsaker i kjellaren og kan byda gjester på eit glas kjellarkald brus. Men det er ikkje berre etande emne folk har i kjellaren. Nokre har hatt gullet sitt i ein bankkjellar, medan kjellarbua heime har vore stuva full med verdlaust rask. I kjellaren kan det vera rom for reinleik (vaskekjellar) eller skit (møkkjellar).

Det har òg vore vanleg å setja folk i kjellaren. Då tenkjer eg ikkje på dei som bur i eit kjellarhusvære eller er avlidne og ligg i likkjellaren. Nei, her dreiar det seg om levande folk som ein vil sperra inne. Då er det praktisk å ha ein fangekjellar eller eit kjellarhòl tilgjengeleg. Om ein har ein blindkjellar, ser ikkje folk at det er ein kjellar der eingong.

Men nokre går ned kjellartrappa friviljug, til dømes fordi dei skal sjå film i kjellarstova, har eit hobbyrom i kjellaren eller spelar i eit kjellarband. Me veit òg at det å gå i kjellaren ikkje krev nokon retteleg kjellar. Me kan nytta «gå i kjellaren» om å ta ut dei siste kreftene og om å vera (psykisk) langt nede. I Prøysen-biografien til Ove Røsbak les me at eit av munnhella til Prøysen var dette: «I Vårherres hus er det mange rom, og de fleste er i kjeller’n.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis