Lite gjennomtenkt
Dei som likar gjennomgripande endringar, kan prøva å koma seg gjennom dagane utan å nytta preposisjonar, eller styreord, som dei òg vert kalla. Det skin vel igjennom her at tiltaket ikkje er gjennomførleg. Styreorda gjennomsyrer målet vårt. Gjennom målretta arbeid kan ein greia å styra unna visse styreord, men då skal ein vera godt over gjennomsnittet glad i å røyna seg sjølv.
Lesaren har gjennomskoda meg no: Det er ikkje ordgruppa styreord som er emnet for denne gjennomgangen, men ordet (i)gjennom. Dei som har gjennomgranska ordet, kan fortelja at gjennom kjem av det norrøne adjektivet gegn (‘høveleg, tenleg; rett, bein; truverdig, rettvis, god’), jamfør norsk gjegn (‘lagleg, grei, bein’) og svensk genast (‘straks’, eig. ‘beinast, rakast’).
Gjennom substantivering av inkjekjønnsforma til gegn har me fått gagn (eig. ‘det høvelege, tenlege’), som i sin tur har gjeve oss gagna. Når me les gjennom artiklane om samansette gagn-ord i Norrøn ordbok, ser me at gagn som førefeste mellom anna tyder ‘gjennom’ (t.d. gagnsénn ‘gjennomsynleg’) og ‘mot’ (t.d. gagnmæli ‘motmæle’, gagndyrt ‘med dører (opningar) midt imot kvarandre’).
Etter kvart slo gegn gjennom som styreord òg. I norrønt vart gegn (og í gegn) nytta som styreord med tydinga ‘imot’ og som adverb med tydinga ‘igjen, til gjengjeld’. Det går vel ikkje nett eit gisp gjennom forsamlinga når eg seier at gegn er nærskyldt tysk gegen (‘mot’) og engelsk again (‘igjen’) og against (‘mot’, opphavleg same ordet som again). Formene igjen og gjengjeld er elles komne til oss gjennom dansk. Gjennom skal vera laga av dativ fleirtal-forma til gegn: Norrønt gegnum (og í gegnum) vart nytta som styreord med tydinga ‘gjennom’ og som adverb med tydinga ‘fullt ut, heilt til enden’ (jf. «vera blaut all igjennom», «tvers igjennom»).
Ein vert lett gjennomfrosen om ein sit i gjennomtrekk, men verre er det å gå gjennom isen. Den som går gjennom eld og vatn for nokon, vert vel både gjennomsteikt og gjennomvåt. Tidsrom, kjensler og hendingar er òg noko me fer igjennom: «Ho har vore gjennom mykje.» «Dei sov seg gjennom føredraget.» Oppgjennom og nedgjennom tidene er det mange som har kome seg gjennom eit nålauga og fått gjennombrot og gjennomslag. Men no må eg setja punktum, elles får eg gjennomgå!
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.