Opprop med ropeteikn
Som ein ropar i skogen, får ein svar, vert det sagt. Det meste av ropinga vår går føre seg andre stader: Debattantar set eit opprop inn i avisene, me høyrer bønerop frå minareten, elevar rekk bussen og namneoppropet med eit naudrop (el. naudskrik), store stjerner vert møtte med hyllingsrop, og fotballspelarar ropar på straffe og lærarar på høgare løn.
Den eldste kjende tydinga til ropa er den som er hovudtyding i dag: ‘bruka sterk røyst, skrika.’ Men i nordisk er ho heller ny som hovudtyding. Norrønt hrópa tydde fyrst og fremst ‘tala ille om, baktala’. Hróp tydde ‘baktale, lastord, spott’. Ein teori er at folk bruka ropa om å ‘ropa ut, seia meininga si’, som i neste omgang vart ‘tala ille om, baktala’. Med tida er den tydinga vorten borttrengd av ‘bruka sterk røyst, skrika’, venteleg etter påverknad frå lågtysk. Ropert kjem frå nederlandsk.
Det nærskylde ordet røpa har vore gjennom noko av det same som ropa. I norrønt var dei to orda synonyme: Båe tydde ‘tala ille om, baktala’. So ser det ut til at røpa gjekk or bruk i norsk, i alle fall finn me det ikkje i ordbøkene til Aasen (1873) og Ross (1895). Det røpa-ordet me brukar i dag, er eit heller nytt lån frå dansk. Gamaldansk røpæ tydde ‘openberra’ og ‘irettesetja, lasta, skulda’. Vårt røpa skal koma av dansk røbe i tydinga ‘openberra’. Mange målfolk meiner elles at innlånte ord som påberopa og anropa ikkje er noko å ropa hurra for.
Sterke kjensler gjev ofte sterk røystebruk, jamfør angstrop, glederop, klagerop og jubelrop. Nokre rop skal kveikja eller styrkja oss sjølve eller andre, som kampropet, krigsropet og heiaropet. Andre rop bryt oss ned («møta nokon med piping og tilrop», «verta ropa etter på gata»). Bakgrunnen til ordlag som «ropa på elgen» og «ropa på Rolf» (‘spy’) er so innfløkt at eg må råda lesaren til å slå opp rope i Det Norske Akademis ordbok (naob.no). Der er det ei utførleg utgreiing.
Stundom ropar me einast fordi me vil at meldinga skal nå mottakaren («ropa ungane inn til middag»). Ein kan elles verta utropa til vinnar utan nokon hevar røysta. Ja, visse rop er ljodlause: Eit augnekast eller ei rørsle kan vera eit rop om hjelp. Me kan òg nytta rop om ‘omtale; vesen, oppstyr’. Det er ofte dei som ropar høgast, som kjem i ropet (‘vert mykje omtala’).
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen