På rette staden
No gjeld det å halda tunga rett i munnen og syta for at alt går rett for seg, for i dag skal me retta merksemda mot adjektivet rett. Då lyt rettsida av kleda venda ut, og dei som skjønar seg på slikt, må gjerne æra rett med moterette fargar og snitt. Me andre kan heidra rett med å stå rett opp og ned og leggja andletet i dei rette faldane medan me held auga med rettskrivinga.
Som rett og rimeleg er, kjem rett (norr. réttr, eng. right, ty. recht osb.) frå ei retteleg stor ætt. Rett er i ætt med substantivet rett (‘det rette, rettferd; privilegium; domstol’ ofl.) og verba retta (‘strekkja ut, rekkja, ordna’, t.d. «retta fram handa») og retta (‘betra; bøta på, korrigera’, t.d. «retta stilar»). Lånordet riktig høyrer òg heime her. Substantivet rett i tydinga ‘mat tillaga for seg eller som del av større måltid’ («tre retters middag») er visst opphavleg same ordet som det nemnde substantivet rett.
Rett er òg nærskyldt rak, og grunntydinga er rett og slett ‘bein, strak’. Til grunn for det heile ligg ei rot med tydinga ‘strekkja ut, rekkja fram, ordna, styra’. Denne rota har òg skjenkt oss latin regere (‘retta; styra, leia’). Rett mange av slektningane til rett kan sporast attende til dette verbet, som regjera, rektor, regime og regi.
Det rette plar vera jamgodt med det gode og ynskjelege. Det er fint å hugsa rett, få tolv rette, gjera noko i rett tid, vera i sitt rette element, koma på rett hylle i livet, få noko på rett kjøl eller vera på rett veg (som rett nok ikkje tyder at vegen er snorrett). Diverre kan det vera vanskeleg å gjera det rette: «D’er ikkje alltid rettast som er lettast.» Mange driv difor med rettleiing og irettesetjing (jf. «stå skulerett»). Dei som held på med slikt, skal helst vera rettvise (eig. ‘vis til å skjøna kva som er rett’).
Det hender at me nyttar rett til å målbera noko leitt. Å få ein rett høgre eller regelrett juling er ikkje moro. Å verta ordrett sitert er jamnast fint, men ikkje når ein har sagt noko dumt. Rett har elles vore nytta om folk som tenkjer og ter seg annleis enn fleirtalet, men då i lag med ei nekting («ikkje vera rett navla», «ikkje vera rett i hovudet»). Om det er rett å nytta rett slik, kan nok diskuterast. Men dette ordtaket står fast: «D’er låkt å rosa rett og gjera urett.»
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.