JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Til å lita på

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2355
20220916
2355
20220916

Ingen greier å stå fjellstøtt støtt. Stundom lyt me stø oss til noko eller nokon, men korleis skil me det støe frå det ustøe? Somt lærer me gjennom røynsle. Drivne turgåarar veit at ei trerot kan sjå fast og fin ut på utsida, men vera kav morken inni og gjeva etter om ein stør seg på henne. Slike røynsler med den handgripelege verda ligg til grunn for orda og vendingane våre om tillit.

Sjå berre på verbet lita («lita på nokon», «vera til å lita på»). Lita (norr. hlíta) kjem av ei germansk rot som tyder ‘halla, lena seg’. Av same rota kjem li (‘skrånande fjell- eller åsside’). Grunntydinga til lita var ‘lena seg mot, stø seg til’. Å vera påliteleg er å vera so stødug at folk kan lena seg på deg (i biletleg tyding). Lita kan elles tyda ‘nøya seg med, ta til takke med’ («lita seg med det ein har») og ‘lyda, retta seg etter’ («ungane leit meg ikkje»). Substantivet lit høyrer òg til her (jf. «festa lit til», «setja si lit til»).

Verbet stola («stol på meg!») har òg med støleik å gjera. Etter alt å døma er stola avleitt av stol i tydinga ‘underlag, noko å stø seg på’ (jf. takstol). Det kan henda at stola er meir nytta enn lita i norsk i dag, men lita-flokken har utan tvil gjeve oss flest samansetjingar og faste vendingar. Me seier påliteleg, tillit og tillitsfull, ikkje påstoleleg, tilstol og tilstolsfull.

Tillit er elles ei undersam sak. I norrønt finn me inkjekjønnsordet tillit, men det tyder ‘augnekast, auga; syn, meining; vyrdnad’ og er nærskyldt verbet líta (‘sjå’). Andre ord i same ætta er leita, leite og lit (‘augneblink, tid’, «i siste liten»). Det tillit-ordet me i dag møter i norsk, svensk og dansk, er truleg ei yngre form som godt kan vera påverka av norrønt tillit og «líta til» (‘sjå til, hjelpa’), men eit beinveges framhald av det norrøne ordet er det ikkje.

Eit ordtak seier at «den som på ingen vil lita, får mykje lida og slita». Det gjeld å setja tillitsfolket i sving (jf. tillitsvald, tillitsverv). Ei tillitsfråsegn (el. tillitserklæring) frå eit tillitvekkjande menneske kan gjeva sjølvtillita eit lyft. Men tillit er ei skøyr sak. Som tillitsvald må ein jamt syna at ein er til å lita på («få fornya tillit»), og ord som tillitsbrot, tillitskrise og mistillitsframlegg fortel oss at det stundom skjer seg.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis