Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Orgelet – Satans verk?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Barokkorgelet i Kongsberg kyrkje er restaurert.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

3418
20200626
3418
20200626

Hjalmar Gullberg har skrive eit vakkert dikt om bonden Johan Magnusson, som bygde 23 kyrkjeorgel i Växjö stift, eitt av dei i smålandsbygda Kråksmåla.

Orgeln kan säga till hjärtat vad ord ej förmå./ Och Johann Sebastian Bach höll sitt inntåg i Kråksmåla, fortel Hjalmar Gullberg frå Småland.

Lenge var kyrkjeorgelet den einaste formidlaren av den klassiske musikken, Bach og dei andre, til folket i bygd og by. Heime høyrde vi Bach einast i kyrkja. Han hadde skrive salmetonar.

I dag er orgelet dronninga i kyrkjemusikken. Det har vore ein lang veg å gå.

På 600-talet vart den gregorianske kyrkjesongen skapt, ein korsong utan instrument. Instrumentmusikk minte for mykje om romarane og det utsvevande livet deira, fortel Yehudi Menuhin i musikkhistoria si. Spesielt hadde orgelet eit dårleg omdømme, fordi det var knytt til romerske gladiatorkampar og andre romerske friluftsarrangement.

Enkle orgel vart tatt til nåde i kyrkja først på 800-talet. I ein del ortodokse kyrkjer i aust er orgelet framleis utestengt frå gudstenesta.

Under den engelske borgarkrigen var det ein del av dei mest fanatiske tilhengjarane til Oliver Cromwell som smadra orgelpipene i ei rekke engelske katedralar. Desse store instrumenta var djevelens oppfinning og verk. Fast plass i gudstenesta fekk orgelet først omkring år 1400.

Det første orgelet historia nemner, vart bygt av ein Ktsebios i Alexandria kring 250 år før vår tidsrekning. Lufttilgangen vart regulert av vatn, og orgelet ber namnet vassorgel.

Under barokken nådde orgelbygginga eit høgdepunkt. Ein av dei fremste orgelhandverkarane var Johann Sebastian Bach. Han reiste rundt og justerte og retta opp orgel. I samtida si var han meir kjend som orgelkjennar enn han var som komponist. Den store oppgangen for komponisten Bach starta i Berlin i 1823. Då hadde Bach vore død i over 70 år. Felix Mendelssohn sette opp Matheuspasjonen saman med ei teatergruppe han hadde skrapa saman. Og komponisten Johann Sebastian Bach fekk omsider sitt gjennombrot.

Albert Schweitzer, som var ein stor organist, spela på eit orgel Bach hadde sett i stand.

Framgangen for orgelet var stor – og farleg. Det vart ein konkurranse om å byggje store orgel, kanskje det største i verda. Ein fransk musikkritikar skildra kjempeorgla som gigantiske kanonar, ein utskytingsbase for larm. «I kyrkja som i konsertsalen er det ein helvetes larm, ein orkan av lyd, ein Belsebub og Leviatan. Ingen er i stand til å følgje med i den enklaste fuge», slo han fast.

Reaksjonen kom, under leiing av Albert Schweitzer, rett etter førre hundreårsskiftet. Bach vart brukt som løftestong for enklare orgel. Bach skulle no spelast slik han sjølv hadde spela. Gamle barokke orgelbyggjarar vart løfta fram, og det vart utvikla enklare og meir dempa orgel.

Orgelet er eit stort og komplisert instrument. Og dyrt. Å skaffe nytt orgel til ei kyrkje er eit stort og krevjande tiltak, slik det er å halde eit orgel ved like. Å oppjustere orgelet i Nidarosdomen tok fleire år og kosta millionar.

Den første norske orgelfabrikken kom i 1876, grunnlagd av August Nielsen.

Vi har få gamle orgel. På Røros står eit orgel bygd av L.D. Kastens på 1700-talet. Og Kongsberg har restaurert sitt glogerorgel frå 1762. Det var ein stor operasjon, som dei feirar med ein Gloger-festival kvar haust.

I dag har orgelet ein stor og trygg plass i kyrkjer og konsertsalar.

Det tok tid å kome dit.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis