Osteskiver
Ferdige skiver løyser ingen problem.
Nofima har funne at sidan vi kastar mindre ost når vi kjøper han ferdig skiva, er det meir miljøvennleg. Det er verdilaus forsking, hevdar Siri Helle.
Foto: Wikimedia Commons
Bindersen er ikkje norsk likevel. I alle fall ikkje bindersen som fungerer. Men ostehøvelen – han skal vi ta all ære for. Eller ... Ære? Høver ostehøvelen – ein pietistisk gnitenpeisreiskap – betre på den historiske gravplassen enn på ingeniørkunstens alter?
Der dette vert hevda, er gjerne grunngjevinga at ost skal nytast i reelle bitar med tyggemotstand og smak, ikkje gjennomsiktige skiver som gjer tørt kneippbrød litt mindre uetande.
Legg høvelen på hylla
For miljøet er det vel liten tvil om at det er ostehøvelen som er best – skulle ein tru. For så enkelt var det visst ikkje. Ifylgje forskarar ved Nofima bør miljømedvitne osteetarar legge høvelen på hylla for godt. I staden bør vi overlate skjeringa til profesjonelle: «Overraskende at ost i skiver er mest miljøvennlig», var tittelen på ei sak Forskningsdagene publiserte førre veke.
I år er temaet for forskingsdagane verdiar. Og i forskingsprosjektet REforReM (Riktig emballering for redusert matsvinn) har mellom anna Nofima funne at sidan vi kastar mindre ost når vi kjøper han ferdig skiva, er det meir miljøvennleg. Å kaste mat har mykje større miljøpåverknad enn emballasje, og norsk mat er heller under- enn overemballert, hevdar dei: fordi god emballasje gjer osten meir haldbar og minkar svinn.
Høvl i veg
Hol i hovudet og temmeleg verdilaus forsking, hevdar eg. For det fyrste samanliknar dei eple og pærer: matsvinn og plastavfall er to ulike miljøproblem med forskjellige konsekvensar. Å seie at skiva ost er meir miljøvenleg er å prioritere klima over mikroplast i havet, til dømes.
For det andre: Dersom problemet er at ostehøvelen ikkje klarer å handtere siste rest av ostebiten, skal vi ikkje då prøve å løyse det problemet i staden for å skape fleire (plast)problem?
Ein kunne til dømes ha forska på kvifor vaksne folk ser på den nedste centimeteren av osten som eit avfallsproblem, i eit hushald som mest truleg har opptil fleire rivarar og rasper i hyller og skap, både manuelle og med motor. I ein kvardag der litt riven ost ofte er akkurat det ein treng for å gjere gårsdagens restar litt meir spanande, meiner eg.
For det tredje: Har vi råd til å kaste 10–15 prosent av osten vi kjøper, har vi råd å betale 10–15 prosent meir per kilo ost. Den osten vi ikkje treng, kunne vi investert i ein mindre, men betre ost. Slik er det ganske vanleg å tenke om innkjøp av sko eller datautstyr, som når ein kjøper færre joggesko for å ha råd til betre kvalitet, men ganske utanfor standarden å tenke om mat.
Kanskje var dette noko å forske på? Sånn apropos verdiar, altså: Korleis ser vi på verdien av mat kontra andre forbruksprodukt? Er det meir emballasje vi treng for å kaste mindre, eller er det kanskje meir kunnskap og respekt for verdien av maten?
Sjølv er eg ikkje i tvil om at eg et meir ost når han er ferdig skiva. Når dei standardiserte skivene høver dårleg på knekkebrødet, legg eg heller på litt ekstra enn å dele opp den alt oppdelte skiva. Det er kanskje redusert matsvinn, men verdibasert matmiljøvern er det ikkje.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Er det meir emballasje
vi treng for å kaste
mindre, eller er det
kanskje meir kunn-
skap og respekt for
verdien av maten?
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.