Ostesnacks
Små ostebitar på altfor lang tur.
Du kan lage din eigen ostesnacks med mozzarella, tomat og basilikum.
Foto: Larry Crowe / TT / NTB scanpix
Ost prøver seg på den barnlege snackmarknaden for tida. No skal ikkje born berre ete ost på brødskiva eller smelta på middagen – dei skal ete berre ost. Som ein «sunnare snack», full av protein og kalsium, ifylgje produsentane. Og pakka i opptil fleire lag med plast, sjølvsagt.
For det fyrste eg reagerte på med produkta Skrella Mozzarella frå Synnøve Finden og Karolines Ostepinner (ein del av Coops serie med Knerten-produkt), var det enorme plastforbruket. Ein pakke Skrella Mozzarella inneheld fem mozzarellastenger, kvar av dei på tjue gram, vakuumpakka individuelt og igjen pakka i ein plastpose med fem stenger. Karoline-osten kjem i tilsvarande vakuumpakka porsjonar på 20 gram, men her er porsjonane samla i eitt plastikknett. Viktigare enn innpakninga er likevel sjølve osten. Kvar kjem han frå, skal tru?
Lat oss byrje med Karolines Ostepinner. Coop er ikkje eit meieri, så her må nokon andre ha tatt seg av produksjonen. Akkurat kven er likevel ikkje godt å vite.
Coop har kjøpt osten frå Vepo Cheese, eit nederlandsk firma. Men på merkelappen står det at det kan variere kor osten kjem frå: enten Nederland eller Tyskland. Årsaka er at Vepo Cheese heller ikkje er eit meieri. Dei har spesialisert seg i å pakke ost. Osten kjøper dei frå ulike meieri, truleg i minst to ulike land.
Uklar start
Vidare til Skrella Mozzarella. Synnøve Finden er eit meieri, så det kunne i teorien produsert osten sjølv. Det ville til og med vere logisk. Produksjonsinformasjonen inneheld heller ikkje nokon informasjon om at andre har produsert osten for dei. Likevel er det ikkje Synnøve Finden som har ysta osten.
Er dette ulovleg? Matinformasjonsforskrifta, som vi fekk ny og felles med EU for tre år sidan, seier at «Angivelse av opprinnelsesstat eller opphavssted er obligatorisk a) dersom utelatelse av denne opplysningen vil kunne villede forbrukeren med hensyn til næringsmiddelets egentlige opprinnelsesstat eller opphavssted, særlig dersom opplysningen som ledsager næringsmiddelet, eller etiketten som helhet ellers kan gi inntrykk av at næringsmiddelet har en annen opprinnelsesstat eller et annet opphavssted».
Ikkje godt å seie om vi vart klokare av dette. Pakningen har bilete av ein apekatt. Skal vi då tru at osten kjem frå jungelen?
Opphavet ligg i ovalen
Han gjer ikkje det. Skrella Mozzarella kjem frå Litauen. Nærare bestemt frå meieriet Pieno Zvaigzdes, og avdelinga deira i Mazeikiai nordvest i landet. Det går an å finne det ut med bakgrunn i kva som står på pakken, men framgangsmåten er knappast med på å gjere informasjon om mat enklare tilgjengeleg for forbrukarane, slik formålet var med dei nye merkereglane.
Informasjonen ligg i EFTA-merket. Det vesle, ovale merket som all animalsk mat må ha. Det stadfestar at verksemda som står bak, er godkjend, og at vara er produsert i tråd med norske hygieneforskrifter. Kvar verksemd har sin kode: «LT 61-01 P EB» er EFTA-språk for Pieno Zvaigzdes Mazeikiai-avdeling.
Korleis er så kvaliteten på litauisk mozzarella? Eg vil kalle han tørr og salt. Det er i alle høve ikkje noko ved han som rettferdiggjer den ekstra lange transporten over – eller rundt – Austersjøen. Litauen er likevel temmeleg avhengig av eksport av meieriprodukt. 3,2 prosent av eksportinntektene i 2016 kom frå kua. Dei produserer ikkje ein gong nok mjølk sjølve til å yste all osten dei skal eksportere – over ein fjerdedel av mjølka er importert frå nabolanda Estland og Latvia.
Her har vi altså to – jau, eg vil tore å påstå – tilsynelatande norske ostar. Begge har eit norsk namn som verkar som merkevarer dei norske produsentane har kome på sjølve. Men i produksjonen er truleg minst fem andre land involverte: Tyskland, Nederland, Latvia, Litauen og Estland. Eg vert litt sveitt, eg. Og ikkje så veldig svolten. Slik langreist plastikkost bør det gå ganske greitt å klare seg utan.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«LT 61-01 P EB» er EFTA-språk for Pieno Zvaigzdes.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.