JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Pesto

Mest eller best for pengane?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pesto kan ein lage sjølv.

Pesto kan ein lage sjølv.

Foto: Matthew Mead / AP Photo / NTB scanpix

3560
20170519
3560
20170519

Det er salt, det er feitt, det er ostete, men det er likevel ein kjerne av – eller i det minste førestilling om – sunnheit i det heile. Pesto er den perfekte syndaren. Men kva er ein ekte pesto? Kva er ein god pesto og kva er det som gjer at vara kan variere i pris frå 37 til 537 kroner per kilo? Skal det vere mykje basilikum, extra virgin-olivenolje, original parmesanost eller ingen av delane?

Pesto har vorte synonymt med den grøne basilikumsausen vi gjerne bruker på pasta, brød eller pizza – og det er ikkje tatt heilt ut av det blå: Vi er på linje med korleis ordet i dag vert nytta i Italia. Sausen kjem frå Genova; namnet kjem frå det genovesiske dialektordet pestâ som tyder «mose» eller «støyte». Det er lett å tenkje seg at det har med den skjøre urta å gjere. Basilikum vert nemleg svart i kantane om ein hakkar han med kniv, men held seg grøn og fin om han vert støytt i ein morter.

Der tek vi likevel feil, for den fyrste pestoen inneheldt ikkje basilikum i det heile: Det var kvitlauken som stod i sentrum, som han ofte gjer i denne delen av Italia. Den fyrste nedskrivne pestooppskrifta er frå 1863: Ho inneheld basilikum, men slår fast at om urta ikkje er å få tak i, kan ho erstattast med persille eller merian (ein nær slektning av bergmynte, som gjev oss oregano).

Kva lærdom skal vi ta av dette? At det meste vert godt i selskap med olivenolje, kvitlauk og parmesan, og at pesto skal vere sesongens konsentrerte godsmakar, ikkje smaklaust fyllstoff.

Dyrt og dårleg

Så, til butikkhyllene. Vi byrjar på toppen: Med det dyraste glaset vert ein ikkje berre litt lurt; her er det mykje lureri, sjølv om glaset ikkje er stort: 130 gram Økologisk pesto alla Genovese kostar 70 kroner – nok til ein pastamiddag for to. Så spinndyrt er det jo ikkje om kiloprisen er høg. Men sjølv om det sel seg sjølv med å vere økologisk og «handverksprega» (Artigiana), er det ikkje meir enn drygt 12 prosent basilikum i glaset. Då hjelper det ikkje at basilikumen er av den opphavsmerkte genovesiske sorten som skal vere den beste i verda, nærare smakssett olje enn det er pesto. Og eg får mykje god olivenolje for over 500 kroner kiloen, altså. I tillegg har dei skjult det låge basilikuminnhaldet ved fyrst å skrive olivenolje, så cashewnøtter, så «Genovese basilikum BOB i extra virgin olivenolje 27,6% (Genovese basilikum BOB 48%, extra virgin olivenolje 45%, salt)». Basilikumen var med andre ord ikkje ein gong fersk då pestoen vart laga. Juks.

For billeg

Kva så med det billegaste glaset – i dette høvet frå Norgesgruppens EMV-merkevare Eldorado? Sjølvsagt er det lureri der òg. Det største lureriet er prisen. Ingrediensane er altfor gode til å koste 37 kroner per kilo. Her er både basilikum (35 prosent), cashewnøtter og pecorinoost som kvar for seg har mange gongar høgare kilopris i same butikken. Her handlar det sjølvsagt om at butikken sel vara med tap, noko som gjer andre varer dyrare enn dei eigentleg er, og vi forbrukarar mister oversikta over kva vi betalar for. Er det no basilikum vi er ute etter, kan glaset frå Helios vere eit greitt val: 55 prosent basilikum, pluss olivenolje og pinjekjernar. Men kva gjer potet og solsikkeolje oppi her?

Perfekt vert det visst aldri. Skal vi derimot gå attende til opphavet, sånn heilt avslutningsvis, kan vi jo nemne at det er brenneslesesong for tida. Og at – som sagt – det meste vert godt etter ein tur i ein miksar i lag med god olivenolje, kvitlauk og parmesan.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Pesto skal vere

sesongens konsen-

trerte godsmakar,

ikkje smaklaust

fyllstoff.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis