Nerden, kaukasen eller Raskolnikov
Tysdag 27. mars vert det klårt om Fabiano Caruana skal utfordra Carlsen.Her er han på Klepp under Norway Chess i fjor, forkledd som bonde.
Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
Motstandaren til Magnus Carlsen (27) i VM-kampen i London i november kjem ikkje unna blikket til fem millionar nordmenn. Tala frå NRK syner at kvar nordmann såg i snitt fire timar sjakk under VM i New York i 2016. «Det kan gå flere titalls minutter mellom hvert trekk. Og når trekket kommer, skjønner de færreste hva det betyr. Likevel klarer ikke folk å skru av», skriv NRK i den interne årsrapporten for 2016.
Den gongen vart vi kjende med russaren Sergej Karjakin. I år leier Fabiano Caruana (25) kandidatturneringa etter ni av 14 rundar. Eg trur det norske folket vil lika han. Caruana er smålåten, liten og tynn. Han har aldri sagt eit vondt ord om andre, men samstundes har han tru på seg sjølv. Han lèt trekka på brettet gjera jobben.
Med italienske foreldre og oppvekst i USA er han tospråkleg, men ein høyrer nesten ikkje kva nerden seier. Ein må lesa på leppene. Men på brettet kan han spela engelsk eller italiensk opning lytefritt. Kan henda er sjakk det eigenlege morsmålet hans.
Carlsen – og heile sjakkverda – har vyrdnad for Caruana. «Eg må ha ein motstandar på det nivået for å halda motivasjonen oppe», seier verdsmeisteren. Kva då med Sjakhrijar Mamedjarov (32)? Aserbajdsjanaren er nummer to på verdsrankinga og ligg òg som nummer to i kandidatturneringa i Berlin, berre eit halvt poeng bak Caruana. Carlsen har ymta om at Mamedjarov er for ujamn og emosjonell til å utfordra han, men ratingtala lyg ikkje. Og skulle Mamedjarov lukkast i Berlin, vil TV-publikumet møta ein spanande profil frå det muslimske oljelandet Aserbajdsjan i sjølve Kaukasia. Kor mange aserbajdsjanarar kjenner vi nordmenn?
Eg likar tanken på at kvar einaste nordmann skal studera nerden Caruana eller kjenslevare Mamedjarov i fire timar neste haust. Eller kan henda utfordraren vert Aleksandr Grisjtsjuk (34), ein lidande Dostojevskij-figur med utsjånaden til Raskolnikov. Om folket vert inspirert etter fire timar med Grisjtsjuk, kan dei lesa originalen (Forbrytelse og straff). Russaren ligg på tredjeplass i Berlin.
ATLE GRØNN
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?