Usbekaren i blinde
Den nye verdsrekorden til Timur Garejev vart godkjend av Guinness rekordbok i førre veke.
Foto: The Desert Sun.
Eg lukkar augo, så eg kan sjå», sa den franske målaren Paul Gauguin. Timur Garejev vart inspirert av denne tanken. Eg har store problem med å skjøna denne mannen.
Han vart fødd i ein tatarfamilie i Tasjkent, hovudstaden i Usbekistan i 1988. På 2000-talet spela han to sjakkolympiadar for Usbekistan. Han vart stormeister og amerikansk statsborgar. Så langt er historia ganske typisk for profesjonelle sjakkspelarar frå tidligare sovjetrepublikkar. Men i 2011 oppdaga Garejev blindsjakken.
Alle gode sjakkspelarar kan spela utan brett og brikker. Ein berre lagrar stillinga i hovudet og formidlar trekka gjennom koordinatsystemet. Men oppgåva vert uendeleg mykje vanskelegare om ein skal spela to parti blindt på same tid. Då må ein skifta frå eitt mentalt bilete til eit nytt og så attende til det fyrste.
Garejev vart etter kvart kjend som kongen av blindsjakk. Han byrja spela blindsjakk i alle moglege variantar, og sette mellom anna verdsrekord då han spela 64 blindsjakkparti på éin dag. Eit av særmerka hans er å kombinera blindsjakk med fysisk aktivitet, som til dømes å triksa med ein fotball medan han spelar blindt.
Men det store målet var heile tida å slå verdsrekorden i blind
sjakksimultan som tyskaren Marc Lang hadde med utrulege 46 parti. Til samanlikning har stormeister Rune Djurhuus noregsrekorden med 13 parti.
Før jul vart draumen endeleg realisert i Las Vegas, då Garejev spela 48 parti simultant med bind for augo medan han sykla over 80 mil på ein ergometersykkel. Seansen tok nesten 19 timar. For å halda konsentrasjonen oppe og hugsa partia over så lang tid, har han utvikla ulike teknikkar. Før partia spør han motstandarane kva dei har ete til frukost, og kva dei har i rating. Sjølv et han valnøtter og drikk økologisk jus. Han vann 35 parti, spela sju remisar og tapte seks parti.
Røynde journalistar sa dei aldri hadde sett noko så imponerande. Etter sjølv å ha freista spela to parti i ein blindsimultan, må eg seia meg samd i det.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.