JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Proteinpudding

Heller litt for mykje pudding i beina enn å pisse protein.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mange pøsar på med protein berre for å vise fram musklane sine.

Illustrasjonsfoto: Efrem Lukatsky / AP Photo / NTB scanpix

3697
20170804
3697
20170804

Matvareprodukt vert lanserte på ulike måtar. Medan somme får stå nokre månader i ei hylle utan at nokon får med seg verken at dei var der eller at dei forsvinn, sidan ingen kjøper dei, gjer andre inntoget sitt med tilbodskampanjar og eigne, profilerte hyller midt på golvet eller – kongeplasseringa – rett framfor kassen.

Eit av dei meir overraskande tilskota til siste kategori er proteinpuddingen ProPud. Dei siste månadane har eg sett han overalt. Det er overraskande fordi han ikkje vert produsert av nokon av dei store samvirka eller daglegvarekonserna verken i Noreg eller internasjonalt. Tvert om er produsenten det vesle, svenske selskapet Njie, starta av kampsportmeisteren Assan Njie i 2008.

Muskeljakta

Kanskje er det ikkje så overraskande – produktet er trass alt eit proteintilskot. Og i 2017-røyndommen, der sterk er det nye tynn, er det ingenting som er så heitt som masse protein i få kaloriar.

Det er nett det ein får i ein ProPud: 20 gram protein, berre 144 kaloriar. Om du skulle vere så heldig å vere ein av dei som ikkje brukar siste rest av sommaren på å rekne proteinmengder, kan eg opplyse deg om at 20 gram protein er ganske så mykje. Det er til dømes like mykje som i 150 gram hasselnøtter eller to og eit halvt egg.

Dette skal du altså ete med éin gong du er ferdig med å trene, eller berre når du har trong for eit kjapt lite måltid, eller kanskje berre har lyst på eitt eller anna som ikkje gjev deg og sommarkroppen din dårleg samvit. Er ProPud det etterlengta treet som veks inn i himmelen?

Produktet er enkelt og greitt laga på mjølk. Ultrapasteurisert mjølk har i seg sjølv kring 3,5 prosent protein, resten er tilsett mjølkeprotein. Sjølvsagt er det ikkje jordbær i jordbærutgåva, det er trass alt ikkje luksusmat vi har føre oss her, men mat vi et av nytte og funksjon. Smak kjem frå aromastoff og søtstoffa acesulfam K og aspartam, og puddingkonsistensen er skapt ved hjelp av tre ulike stabilisatorar.

skjult matsvinn

Éin ting er at vi i vår stillesittande kvardag ikkje klarar å bruke opp alle kaloriane vi får i oss ved daglege gjeremål, og difor må trene for ikkje å legge på oss. Noko anna er det å pøse på med protein, som det faktisk kan vere for lite av til alle svoltne menneske i verda, og som ikkje eingong smakar særleg godt, fordi det kanskje kan vere godt for muskelveksten – musklar vi ikkje skal bruke til anna enn å vise fram på Instagram og kanskje prøve å vinne ein konkurranse – og fordi det uansett ikkje er skadeleg å ete for mykje protein, og då er det best å vere på den sikre sida.

Men kor mykje protein treng vi eigentleg? Tilrådingane varierer, men ifylgje Helsedirektoratet bør vi få mellom 10 og 20 prosent av energien vår frå protein. 20 prosent svarar til 100 gram protein. Snittnordmannen får ved alle høve 15 prosent av energiinntaket sitt frå protein. Dei aller fleste av oss får altså i oss nok protein, og kanskje vel så det, frå heilt vanleg, uforsterka mat. Å ete meir kan vere ein dårleg idé. Fysiske konsekvensar for kroppen er nemleg ikkje den einaste typen konsekvensar matinntaket kan få.

Kroppen har mest truleg ei grense for kor mykje protein han klarar å ta opp på éin gong. Akkurat kor grensa går, kjem an på kven vi er og kor mykje vi brukar kroppen vår, men ein stad mellom 20 og 40 gram vert gjerne nemnd.

Dette er det verkeleg skjulte matsvinnet. Protein som kroppen ikkje klarar å nyttiggjere seg av, vert omgjort til urea og skilde ut med urin. Høgverdig animalsk protein går rett ut i kloakken. Vi skulle skamme oss.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fysiske konsekven-

sar for kroppen er

ikkje den einaste

typen konsekvensar

matinntaket kan få.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis