Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Rasestrid i fjøset

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Telemarksfe ved Ilseng i Hedmark.

Telemarksfe ved Ilseng i Hedmark.

Foto: Torstein Frogner / Wikipedia

Telemarksfe ved Ilseng i Hedmark.

Telemarksfe ved Ilseng i Hedmark.

Foto: Torstein Frogner / Wikipedia

4008
20190510
4008
20190510

Tida rundt 1850 vart ei dramatisk tid for norske bønder. Den store verda greip inn og endra norsk jordbruk for all framtid. Og det gjekk fort.

Krimkrigen slutta i 1856. Då vart handelsvegane frå Svartehavet opna, og billeg korn frå Ukraina og Russland fløymde ut over verda. Samtidig var dei store jordviddene i Midtvesten opna for korndyrking. Urfolket var borte, og toget var kome for å transportere kornmengdene ut til havet, der skipa låg og venta. Og frihandel var rådande økonomisk lære.

Dette gjorde det av med norsk korndyrking. Det gamle hovudproduktet var utkonkurrert.

Svaret vart husdyrhald, som det framleis er. Husdyra dominerer i dag norsk jordbruk.

Kyrne fekk hovudinteressa og hovudansvaret. Men kva slag kyr? Nye, importerte rasar, eller dei gamle og heimlege?

Diskusjonen starta, og han kunne bli heit. Egil Simensen skriv om dette i boka Husdyrbruk i Nord-Østerdalen. Telemarksfeet var den første ferasen som fekk offentleg godkjenning og støtte. Det Kongelige Selskap for Norges Vel skipa sju «stamhjorder» av telemarksfe. Telemarksfeet spreidde seg og kom til å dominere i mange austlandsbygder.

Samtidig starta eit arbeid for å utvikle det lokale feet. Første fesjået i Østerdalen var i Tolga i 1858. Det markerte starten på arbeidet med å få etablert østerdalsfeet som eigen rase for distriktet. Fagfolk meinte at det lokale feet var så dårleg at det ikkje var liv laga. Andre rasar, som ayrshire- og telemarksfe, kom utanfrå. Andre ville satse på eige fe. Ein strid var i gang.

Det vart utvikla ein ny avlsteori, kalla «stedegenhetslæren», som sa at det lokale feet gjennom åra var tilpassa dei lokale tilhøva, og dermed var best skikka til å leve i området. Læra fekk gjennomslag, og staten skipa «stamhjorder» for fleire lokale ferasar.

Rasespørsmålet skapte eit sterkt engasjement som utvikla seg til ein formidabel strid, skriv Simensen. Det stod i sentrum for debattane på fleire store landbruksmøte. Statsagronom Jensenius mislikte «den nu stedfindende forherligelse av det stedegne kvæg». Stortinget sa nei til import av ayrshirefe. Det kom vedtak om at berre reinrasa innanlandskyr kunne få premie på utstilling. Det vart brukt stor prosa. Den lokale kua vart omtala som perla, i eintal, bunden form, medan telemarkskua, som var konkurrenten, «æ berre hønna og vomma». Landbruksdirektøren meinte at feet i området var så blanda at det ikkje kunne bli etablert som eigen rase. Dermed såg han ingen grunn til å lage utstilling der. Men utstilling vart det, i 1897. Og så var østerdalsfeet akseptert som eigen rase.

Året etter vart også gudbransdalsfeet godkjent, ved utstillinga på Jørstadmoen. Desse to rasane var så like at dei snart vart fusjonerte, og dølafeet var etablert. Så var dei i mål i Østerdalen. Dei hadde fått sin eigen ferase.

Rogaland, eit anna stort husdyrfylke, kom litt seinare. Grunnlaget der var den gamle vestlandsrasen, innblanda med mykje framandt, også telemarksfe. Rogaland var spesielt fordi dei hadde importert mykje jerseykyr, som med den feite mjølka si kom til å dominere i fjøskontrollen.

I 1887 heldt Stavanger Amts Landhusholdningsselskab møte i Strand. Der gjorde dei vedtak om at dei skulle «holde sig til vor egen Kvægrace (Kystkvæg) der endnu har gode Betingelser for en heldig Udvikling».

Og slik vart det. Vestlandraudkolla, som «kystkvæget» vart heitande, kom til å dominere feavlen på Vestlandet heilt til NRF-kua dukka opp rundt 1950.

Og så var det over. NRF-kua tok over. Ho er ingen ferase, seier leksikonet. Ho er meir å rekne som ei avlsretning som neglisjerer tradisjonelle raseomgrep – «blandingspølse», sa vi hånleg om blandingsdyr i barndomen mi. Og 98,5 prosent av alt norsk storfe var NRF ved hundreårsskiftet.

Men så er det kanskje ikkje over likevel. Rare dyr, med rare namn, som charolais og limousin, har i seinare år blitt å sjå på norske beitemarker, meir og meir. No handlar det om kjøt, ikkje berre mjølk. Og kyrne får gå med kalven – såkalla ammekyr.

Marknaden vil det slik.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis