Ord om språk

Regelrett regelrytteri

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Reglar er til for å brytast, meiner somme. Som regel er ikkje desse personane i fleirtal. For jamvel om nokre reglar er ulaglege og bør endrast eller fjernast, er reglar og regelverk jamt over til hjelp. Ingen regel utan unnatak, veit me, men lell. Utan trafikkreglar hadde det vorte mildt sagt utriveleg å ferdast på vegane.

Når me skal laga oss ein hugseregel for noko, kan det vera ein god idé å setja i hop ei regle. Regel og regle er opphavleg same ordet. Dei kjem av det latinske hokjønnsordet regula (‘linjal; rettesnor, målestav; forskrift; stong, stokk’). I norrønt finn me berre hokjønnsordet regla, som tydde ‘rett stong; regel, rettesnor; ordensregel i munke- og nonneordenar’.

Til grunn for latin regula ligg ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘røra seg i rett line, leia’. Det er ein uskriven regel at all spalteplassen ikkje skal gå med til å teikna slektstre, og den regelen kjem godt med her. Ætta til regel og regle er so stor at det er uråd å få med alle, jamvel om me klemmer dei inn etter alle kunstens reglar.

Men det må nemnast at orda rett, riktig, rik og rike høyrer til her. Og regjera, regent, regi, regime, region, regulera, rektor, korrekt, rektangel og rex. Ja, og ikkje minst rektum (eig. ‘den rette (tarmen)’).

Nokre menneske trivst med ein regelbunden levemåte, andre tykkjer at det regellause bohemlivet er tingen. Kan me då seia at regelløysa er ein leveregel? At den ureglementerte åtferda er i tråd med reglementet? Mange har elles oppdaga at det å sova og eta uregelrett (el. uregelmessig) er slitsamt i lengda, og at dei færraste vil spela spel med nokon som bryt spelereglane.

Stundom er ein regel mykje det same som ein vane. Me kan gjera det til ein fast regel å gjera dei keisame oppgåvene før dei morosame, likevel er det ikkje eit alvorleg regelbrot om me snur fylgda ein dag. Men kven avgjer kva som er ein viktig regel og ikkje?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement