Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Reker

Ingen bør vere naken og kald lenger enn høgst nødvendig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Reker. Store eller små? Ikkje godt å seie. Som så ofte elles er det heller ikkje det det kjem an på.

Foto: pxhere.com

4001
20190201
4001
20190201

Frys er ein fin ting. Brukt riktig, på riktige råvarer, tek frysen vare på smak og næringsstoff i mat på ein måte få andre konserveringsteknikkar kan syne til. Eg meiner: Om du synest dei frosne ertene er litt vasne, tenk på skilnaden på ferskt kjøt og fenalår, druer og rosiner, sashimi og røykelaks.

I minusgrader minkar aktiviteten til mikroorganismar som bakteriar og sopp til eit minimum, kjemiske reaksjonar sakkar ned og metabolske reaksjonar skjer nesten ikkje. Og sjølv om frysaren må vere på kvar dag, heile døgeret, brukar han såpass lite energi på å ta vare på såpass mykje mat at det fort kan lønne seg framfor å stadig fylle på med fersk mat, særleg heilt utanfor sesong, når dei ferske alternativa gjerne må fraktast lange vegar: Å ha norske sukkererter i frysen til vinteren i staden for å kjøpe dei guatemalanske eller sørafrikanske som er å finne i butikken, er eit godt energival.

Men kor lenge er det rasjonelt å ha mat liggande i frysen, og kva slags mat bør vi bruke energi på å fryse ned? Ta sjømat, til dømes, meir spesifikt argentinske villreker i ein frysar på ein Rema 1000-butikk. Rekene er best før 28. november 2019. Ein har god tid på seg, altså – eller? Kanskje ikkje, jamført med kor lenge dei har vore i posen: Rekene vart frosne inn 28. november 2016. Er dette fornuftig bruk av frysekapasitet? Kanskje kjem det til sjuande og sist an på rekene?

Det vi ikkje får vite

Dei argentinske villrekene, som eigentleg er argentinske raudreker (Pleoticus muelleri), ligg i fryseboksen saman med det som vert selt som ulike variantar av scampi (sjølv om det eigentleg er noko anna, men det tek vi ein annan gong). «Vilt er ein fin ting», tenker vi. Det er litt eksotisk, og rekene er store, men utan det skadelege oppdrettet. Så då kjøper vi argentinske villreker og er glade og nøgde utan å tenke meir over det.

Og det er ikkje rart: Ingenting i butikken fortel oss at argentinske villreker i september i fjor vart plasserte på raudlista i WWFs sjømatguide.

Fisket etter raudreker i Argentina vert gjort på to måtar: Det kystnære fisket skjer i små båtar som leverer ferske reker. Lenger frå land regjerer frysetrålarane, som altså frys all fangst så fort dei får han om bord. Rekene som reiser til Noreg, er fiska av sistnemnde.

Når WWF kategoriserer reka som raud – «Styr unna. Dette bør du ikkje kjøpe.» – er det ikkje fordi det finst lite reker. Bestanden av Pleoticus muelleri er mest truleg meir enn stor nok til å fiske av. Årsaka er konsekvensane fiskeriet har på andre artar.

Frysetrålarane er botntrålarar. Altså dreg dei eit stort nett langs havbotnen, og alt som kjem inn i nettet, vert med opp. Sjølv om dei brukar bifangstreduserande utstyr, er det ikkje til å kome frå at ein del uønskte artar finn vegen inn i nettet og om bord – og diverre skil ikkje netta ut dei truga artane. Blant artane som er truga av raudreketråling, finn WWF magellanpingvin, gulnasa skate (zearaja chilensis), pigghå og sjøløve.

Vend heim

Er det verdt det? Kanskje har vi berre gløymt at dei rekene vi har her heime, er akkurat like ville. Noko vilt er gjerne noko eksotisk, men av og til kan det nære vere like spanande, berre vi ser på det frå ein annan vinkel. Norske reker er kanskje ikkje store nok til å bli tredde på eit grillspyd. Men òg småreker kan marinerast, wokast og røykast, og dei kan steikast og grillast, gjerne med skalet på, så dei kjem saftige og aromatiske ut i det fri fyrst i same augneblinken som du skal putte dei i munnen. Det må iallfall vere betre enn å ha lege naken og kald i ein frysar i årevis, med både pingvinar og hai på samvitet.

Norske reker er på WWFs grøne liste: «Dette kan du trygt ete.» Sjølv om her er noko bifangst av trua artar som uer og hai, er det monaleg mindre enn i den argentinske rekebransjen.

Kjøper eg argentinske villreker? Nei takk, eg vert meir enn vill og galen nok over dei norske rekevariantane.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Rekene vart frosne

inn 28. november

2016.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis