Rovdyrhistorie
To effektive bjørnejegerar i Kanstadfjorden i Lødingen i 1910, Martin Steen Lunkenesset og Ole Andersen.
Foto: Hans M Kanstad/Sør-Troms museum.
Det var på 1800-talet Noreg for alvor vart tatt i bruk. Norsk havforsking vart oppretta og kom snart i verdsklasse. Jordbruket fekk sin eigen landbrukshøgskule på Ås i 1859, og åskandidatane byrja å spreie seg over landet, fullasta med kunnskap. Første landbruksdirektøren kom i 1877. Det kom lover om skogsdrift, lover om ålmenning i 1857 og ei skoglov i 1863. Første skogdirektøren vart utnemnd i 1875. Vasskraftutbygginga tok til.
Kunnskap av mange slag vart mobilisert for å utnytte norsk natur. Og storsamfunnet tok ansvar for naturen, plantar og dyr som levde der. Noko måtte takast vare på og bergast. Men ikkje alt.
Elg og hjort vart freda alt på 1500-talet. Dei var det lov å jakte på ein månad om hausten. På 1700-talet kom også reinsdyra med i denne ordninga. Beveren vart freda i eit tiår, 1845–55, ettersom han var truga av utrydding på grunn av pelsen. I 1897 var beverstanden nede i 60–120 dyr. I Sverige, Finland og England var han alt utrydda. I 1899 kom lova som gjorde han totalfreda, saman med svaner, rapphøns og rådyr.
Dette var altså skapningar storsamfunnet sette pris på og ville verne.
Med rovdyra var det annleis. Dei var til plage og skulle bort. I 1845 kom den nye jaktlova, med dei statlege skotpremiane for ulv, bjørn, gaupe og jerv. Og dei vart ståande i nesten eit hundreår.
Og jakta vart omfattande. Omkring 1850 vart det årleg utbetalt premie for ca. 300 felte bjørnar, 200 ulvar, 100 jervar og 100 gauper. Nye, meir effektive jaktvåpen kom, Remington og Krag-Jørgensen. Og det vart rydda i rovdyra. Då skotpremiane vart avskaffa i 1932, var det gjennom hundreåret utbetalt nesten éin skotpremie i veka for ein felt ulv.
Kring 1920 vart det felt berre kring 100 store rovdyr i året, og talet var på veg nedover. Dei store rovdyra var i ferd med å forsvinne, før politikken vart lagd om i moderne tid, med auka rovdyrtal som konsekvens.
Den nye, norske idéhistoria fortel denne soga.
Også for rovfuglar var det skotpremie. I min barndom rett etter krigen var vi på garden heime plaga av hubro og hauk som tok hønsa våre. Vi skaut dei, klipte klørne av dei og tok med oss klørne til lensmannen, som betalte ut ti kroner i skotpremie. Vi såg det som ei god ordning. No er i alle fall hubroen freda.
Egil Simensen skriv om den gamle rovdyrpolitikken og rovdyrdebatten i ei fersk bok om husdyrbruket i Nord-Østerdalen. Den nye jaktlova i 1845 skulle verne matviltet og husdyra. Rovdyrskinna var verdfulle og ville gjere jakta lønnsam. Dessutan ville rovdyrjakt vere framifrå soldatutdanning. Norsk Jæger- og Fiskerforening støtta rovdyrutryddinga av økonomiske grunnar. Også Foreningen til Dyrenes Beskyttelse meinte rovdyra burde utryddast, på grunn av den lidinga og «torturen» dei påførte andre dyr.
No har politikken snudd, og rovdyra er tilbake. Og dramatikken. Media kan stendig fortelje blodige historier om husdyr og rovdyr. I år 2000 farta ein slagbjørn rundt i fjella i Sør-Trøndelag. Han tok livet av mellom 600 og 700 sauer. I 2014 la ein mordlysten jerv i same området etter seg 80 skadde eller døde dyr. Døma er mange.
Lova gjorde rovdyrjakt lovleg, nødvendig og kanskje til og med lønsam. No har lova snudd og gjort rovdyrjakt langt på veg ulovleg. Politiet vernar rovdyra. Og utmarka, ein urgammal ressurs for utkantane, er langt på veg overtatt av rovdyra.
Og historia har gjort ei av sine mange vendingar.
Bøndene, som var plaga av rovdyra, pusta letta ut då rovdyra vart nedskotne. No trong dei ikkje reddast for blodspille i husdyrflokken, med sorg og tap.
Men bøndene, som ein gong var politisk sterke nok til å skaffe seg den rovdyrlova dei trong og ville ha, er reduserte til eit avmektig politisk mindretal. Internasjonale konvensjonar ser ut til å ha flytta rovdyrpolitikken ut av landet. Ikkje eingong Stortinget ser ut til å kunne få det som dei vil.
Det store fleirtalet har aldri sett eit rovdyr eller rovdyrkadaver.
Så kan bamsen brumme og ulven ule og flekke tenner i visse om at lova no er på deira side.
Og bonden, over husdyrkadaveret sitt, kan berre knyte nevane i bukselomma og skjere tenner.
Historia har vendt bøndene og husdyra deira ryggen. Og dei historia vender ryggen, blir det snart synd om.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.