Salte kjeks
Av og til er det enkelt å velje rett.
Ost, kjeks og noko småsøtt. Best utan dårleg samvet.
Jula er over. Det same er valentinsdagen og morsdagen, og det er enno lenge til påske. Kva skal daglegvarebutikkane fylle denne daudsona med?
Vel, på min lokale Rema 1000 nyttar dei høvet til å selje salte kjeks. Ein heil vegg med Ritz-kjeks møtte meg idet eg kom inn på butikken her ein dag. Og det er vel ikkje det dummaste dei kunne gjere? Eg meiner – kjeks, ost og vin er vel fort nett det som skal til for å lyse opp ein tung seinvinterkveld?
Likevel er det noko litt merkeleg med at nett Rema 1000 vel å spreie nett desse kjeksa utover ein såpass stor del av butikken. Kvifor? Ritz-kjeks inneheld palmeolje. Og googlar vi «Rema 1000 palmeolje» får vi ei heil rekke treff med titlar som «Palmeoljefritt sortiment hos Rema 1000» og «Hvorfor fjerner Rema 1000 palmeoljen?». Treffa er frå perioden 2014 frå 2017.
Kva har skjedd? Har Rema ombestemt seg? Er ikkje palmeolje noko å uroe seg over lenger?
Palmeproblemet
For å svare på det byrjar vi med eit kjapt blikk på nettopp palmeoljen. Oljen kjem frå fruktene på oljepalmen, eit tropisk tre som kan verte opp til 30 meter høgt. Treet er skikkeleg produktivt: Fruktene frå ein palme kan vege opp til 50 kilo. Fruktene er sett saman av stein og fruktkjøt, begge deler fulle av feittstoff. Frå fruktkjøtet får vi palmefeitt vi kan bruke i lys, smurning eller matvarer. Men meir verd er oljen som vert vunnen ut av kjernane i palmefrukta: palmeolje eller palmekjernefeitt.
Palmeoljen skil seg frå dei fleste andre vegetabilske oljar ved at han hovudsakleg inneheld metta feitt. Over halvparten av feittet i palmeoljen er metta, noko offisielle kosthaldsråd tilrår oss å ete mindre – ikkje meir – av.
Det største problemet med palmeolje går likevel føre seg utanfor kroppen vår. 85 prosent av palmeoljen på den globale matvaremarknaden kjem frå Søraust-Asia – i stor grad frå tidlegare regnskogområde. Palmeolje er plantasjedrift. Monokultur. Der det veks palmeoljepalmar for kommersiell produksjon, kan det ikkje vekse noko anna. I alle fall ikkje regnskog.
Dette får konsekvensar. I 2002 skreiv Greenpeace om penanfolket i Malaysia som «et av de få gjenstående nomadefolket i den malaysiske regnskogen». I 2015 skriv Regnskogfondet at «den omfattende utnyttelsen av skogen har gått hardt utover lokalsamfunn som har levd av ressursene i den, kanskje spesielt det tidligere nomadiske penan-folket. I dag er det store flertallet av disse bofaste, og lever under kummerlige forhold». På Borneo har 90 prosent av orangutangane forsvunne dei siste 60 åra. Dei har rett og slett ikkje nokon plass å leve lenger. Palmeoljeplantasjar, der skogen deira blir hoggen ned, er ei av årsakene.
Ikkje så viktig likevel?
Rema 1000 gjer altså rett i å vere skeptiske til palmeolje – òg i 2019. Men kva er det eigentleg dei meiner og gjer? Om vi klikkar oss inn på sakene som er nemnde over, ser vi at boikotten ikkje gjeld alle varer. Fyrst og fremst gjeld den Remas eigne merkevarer. Der vert det ikkje brukt palmeolje i det heile. Om alle andre varer skriv Rema: «Dessuten forsøker vi å påvirke våre leverandører til å redusere forbruket av palmeolje, og har blant annet takket nei til en rekke nyheter fordi de har inneholdt palmeolje.»
Hm. Dersom dei har så mykje imot produkt som inneheld palmeolje, kvifor promoterer dei då Ritz-kjeks så kraftig? Det er ikkje fordi det ikkje finst alternativ. I hylla på same butikken finn eg Sætre Snackers – små, salte kjeks som i stor grad liknar Ritz-kjeksa, bortsett frå at dei vert produserte med ei blanding av solsikke-, shea- og kokosolje i staden for palmeolje.
Det er altså mogleg, og Sætre Snackers er ikkje særleg mykje dyrare: Kiloprisen er 120 for Ritz og 164 for Snackers. Kan det vere at Rema er meir opptekne av å fremje eigne merkevarer enn å fjerne palmeolje? All palmeolje som ikkje vert brukt, er sjølvsagt bra: Regnskog, urfolk og orangutangar bryr seg nok lite om motivasjonen. Men palmeoljen er òg like skadeleg i produkt som ikkje inngår i Remas produktlinje for eigne merkevarer. Ein palmeoljefri butikk bør vere ein palmeoljefri butikk.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er merkeleg at
nett Rema 1000 vel
å spreie desse kjeksa
utover ein såpass
stor del av butikken.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.