JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sau

Det er ikkje lett å vere vill i eit tamt byråkrati.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Noreg er den dominerande kommersielle sauerasen norsk kvit sau (NKS).

4410
20190208
4410
20190208

Kva er ein sau? Eit ålreit dyr? Ein besteven, mat på bordet, varme sokkar, landskapspleiar, ulvemat, konfliktskapar, bjølleterrorist? Eller litt av alt dette og så mykje meir? Ein sau er ikkje berre ein sau. Mellom anna fordi det finst så mange ulike sauer.

I Noreg er den dominerande, kommersielle sauerasen norsk kvit sau (NKS). 70 prosent av dei 385.543 vaksne søyene som var melde inn i Sauekontrollen i 2017, var NKS-søyer. Ho fekk i snitt 2,17 lam med ei gjennomsnittleg haustvekt på 44,9 kilo, og ho vert somme tider kritisert for å ha for dårlege instinkt i møte med rovdyr.

Sjølv om NKS har sine avgrensingar, er det liten tvil om at Noreg er tent med å halde seg med rasen. Men det er like liten tvil om at NKS aleine ikkje klarer alle landets saueoppgåver.

Heia mangfald

Eit genetisk tilskot er den gamalnorske sauen. Du kjenner han nok betre som villsau, men det er i røynda eit merkenamn på eit produkt. Rasen heiter gamalnorsk sau. Han er liten, langbeint og finst i alle fargar du kan tenke deg – og nokre til. I motsetnad til NKS har dei flokkinstinktet så til dei grader intakt: Kjem du litt for fort på ein gjeng NKS-sauer på beite, kan dei springe i alle retningar. Gjer du det same med ein gjeng gamalnorsk sau, vil dei samle seg i ein tett flokk.

Ein annan eigenskap som skil gamalnorsk sau frå NKS, er evna dei har til å beite heile året. Der NKS er ein generalisert sau som kan puttast inn dei fleste stader så lenge vi samstundes puttar i han fôr vi har hausta, er gamalnorsk sau spesialist på eit landskap: kystlyngheia. Ei kystlynghei er eit økosystem med eit mangfald av artar, men der ulike variantar av lyng dominerer. Og lyng skil seg på si side frå dei fleste andre artar i norsk fauna ved at han ikkje mister næringsverdi om vinteren. Dette veit den gamalnorske sauen. Difor et han lyng om vinteren og alle dei andre vekstane i sommarhalvåret.

Det inneber likevel ikkje at NKS kunne ha overlevd på same vis om vi hadde lært han det same. Lyng held på næringa si, men den næringsmengda er ikkje så stor. Mest truleg ville ein stor, tung sau ha slite med å få i seg nok næring berre frå lyngen, medan den vesle gamalnorske sauen fint kan klare seg.

Byråkratisk trongsyn

Så inneber ikkje det igjen at å vere eigar, brukar eller drivar av ein gard med gamalnorsk sau, ikkje er ein jobb. Vinterbeiting krev tett oppfølging. Mykje av kystlyngheia er å finne på små øyer, og store saueflokkar må ofte flyttast mellom øyene. For å få det til bør sauene haldast nokolunde tamme, noko som krev både tid og tolmod.

I det siste har denne innsatsen synt seg for dårleg verdsett i så vel det kommunale som det dyrevelferdsforvaltande landbruksbyråkratiet. Norske bønder får ulike tilskot frå staten. Ein bonde er definert som ein som driv innanfor «normal landbruksproduksjon», og det er ikkje, som ein kanskje kunne tru, ei rund formulering: Det er strengt definert som ein avdrått på minst 70 prosent av normalavdråtten innanfor rasen ein driv med.

Om lamma ein leverer veg mindre enn 70 prosent av snittlamma i landet, driv ein per definisjon ikkje produksjon. Dette er kanskje ein grei definisjon i til dømes kyllinghald, der alt av fôring og genetikk er planlagt og bestemt i detalj, men mildt sagt vanskelegare å halde på i ei utmarksnæring: Vi har allereie vore inne på kor viktig nettopp storleiken på sauen er for driftsmetoden han igjen er skapt for.

Snittala er baserte på tal i Sauekontrollen, der så få som 10 prosent av dei gamalnorske sauene er med. Dette bør næringa gjere noko med: Å melde seg inn i og rapportere til Sauekontrollen er viktig for å rette opp statistikkgrunnlaget. Men dei må møte eit system som tek dei på alvor som det dei er.

Då hushaldet mitt i haust investerte i eit villsauslakt, ei gimmer (fjorlam) på drygt 11 kilo, var det ikkje fyrst og fremst på grunn av smaken, men fordi det var det vi fekk tak i. Vi vart overraska: Fyrst negativt over vekta, det skal eg innrømme, men det vart raskt oppheva og meir til av smaken. Fårikål av villsaugimmer er rett og slett noko heilt anna enn fårikål av NKS-lam.

Kjøper eg kjøt av norsk kvit sau? Ja takk, gjerne, så lenge det ikkje står i vegen for den gamalnorske sauen. Mangfald i sauenoreg er nemleg på alle moglege måtar ei ja takk, begge delar-historie.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er liten tvil om

at NKS aleine ikkje

klarer alle landets

saueoppgåver.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis