Simen Agdestein og grasrota
Sjakktrenaren Simen Agdestein (54), som oppdaga Magnus Carlsen for 22 år sidan, er ny president i Norges Sjakkforbund.
Foto: Fredrik Hagen / NTB
For sjakkspelarar med ungdomstid på 1980-talet var Simen Agdestein den store helten. Han vart den yngste stormeisteren i verda, 17 år gamal i 1985. Han var den einaste stormeisteren i Noreg – og så kom han òg på fotballandslaget. Vi var i same klubb, men han var så stor at han var nesten utilnærmeleg for slike som meg.
For nokre år sidan spurde han meg om eg ville skriva ei bok om denne tida. Han gav meg alle eskene med gamle papir og utklipp han fann på loftet. Der ligg både kjærleiksbrev og dagboksnotat frå ein einsam sjakkspelar, så eg kjenner Simen godt i dag. Arbeidstittelen min er Sjakken som var. Simen har gjort det meste i norsk sjakk, men eg ville aldri ha tenkt på han som president i sjakkforbundet.
Organisasjonseliten i Sjakk-Noreg stødde attval av sitjande president Morten Madsen frå Sotra utanfor Bergen. Alt såg ut til å gå som vanleg, då Molde sjakklubb for nokre veker sidan, uventa for alle, varsla at dei ville koma med eit benkeframlegg på Simen Agdestein under Norges Sjakkforbunds 104. kongress den 4. juli. Jamvel om eg personleg ville røysta på Agdestein, hadde eg lita tru på eit benkeframlegg som utfordra ein sterk allianse mellom Oslo og Bergen.
Dei små klubbane har berre éin delegat på kongressen. Den dominerande klubben, Offerspill SK i Oslo, har 14 delegatar. Representanten frå Offerspill i forbundsstyret, Jon Kristian Haarr, stødde Madsen. Debatten på kongressen var sivilisert og god, og eg trudde at Madsen skulle vinna då resultatet kom: 66–49 til Agdestein.
Kva skjedde? Klubbane i Distrikts-Noreg må nesten alle ha røysta på Agdestein. Kvifor det? Delegaten frå Fauske, Kurt-Arne Johnsen, sa at dei aldri høyrde noko frå Sjakkforbundet. Fauske er ikkje med i det sjakkpolitiske spelet på Facebook. I Fauske spelar ein sjakk med treklossar på eit brett i svartkvitt. Dei vil gjerne ha ein telefon – eller aller helst ei vitjing – frå barndomshelten. Agdestein held seg unna Facebook, og han har gløymt passordet til Twitter-kontoen sin. Men han er ute i felten og veit kvar treklossane trykkjer i Sjakk-Noreg.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.
Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records
Praten flyt lett
Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»