«Trump kan ikkje avskrivast. Valet er heilt ope.»
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
Er det von om at Donald Trump ikkje vinn valet i november? Debatten tysdag styrkte i alle fall ikkje sjansane hans. Vi var mange som var urolege for korleis Kamala Harris ville klara seg. Ho har knapt late seg intervjua eller stilt opp i debattar etter at ho vart presidentkandidat.
Men ho stod fram skarpare og meir truverdig enn Trump – som kjem til å verta hugsa for påstanden om at immigrantar frå Haiti et hundar og kattar i byen Springfield i Ohio. Utfordringa til Springfield er ikkje kjæledyra, men at mange immigrantar har kome til den vesle byen på kort tid.
Trump kan likevel ikkje avskrivast. Valet er heilt ope. Mange trudde at Trump var ferdig då han i 2020 nekta for at valresultatet var korrekt. Vi var òg mange som trudde han var ferdig etter storminga av Kongressen i januar 2021, då han unnlét å gripa inn og fordøma det som skjedde. Eit svik som burde ekskludert han frå politikken. Men vi tok feil igjen.
Og mange trudde han var ferdig etter mellomvalet i 2022, då fleire av kandidatane som stilte seg bak Trump og fornekta valresultatet i 2020, tapte. Men han kom tilbake. Mykje takka vera president Biden, som ikkje skjøna at han burde sagt tydeleg frå om at han berre ville sitja ein periode og ikkje stilla til attval.
Trass den ufine framferda til Trump, alle løgnene og rettssakene, er det altså noko som gjer at halvparten, pluss minus, av amerikanarane kjem til å røysta på han. Kanskje over 60 prosent i nokre delstatar.
Det kan ikkje forklarast med at alle desse veljarane er idiotar eller ekstreme. Ei meir truverdig forklaring er at mange kjenner seg svikta og ikkje lenger stolar på den etablerte politiske eliten i landet – som i utanrikspolitikken og innvandringspolitikken. Det er illevarslande for eit demokrati. Samhaldet i Sambandsstatane er i krise.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.