Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
CD
Sigurd Lie:
Songs, Vol. 2
Marianne Beate Kielland, mezzosopran; Nils Anders Mortensen, klaver. LAWO 2023
«Man tør vente sig med Tiden at se ham som en af de fremste blandt vore Komponister», skreiv Aftenpostens kritikar, komponisten Otto Winter-Hjelm, etter ein konsert i Kristiania i 1899 der Sigurd Lie hadde framført eigne verk. Men tida hans skulle ikkje bli lang. No i september er det 120 år sidan han døydde berre 33 år gamal.
Lie blei fødd i Drammen i 1871, men voks opp i Kristiansand. Etter studium i Kristiania, Leipzig og Berlin fekk han i 1895 si fyrste stilling som konsertmeister i Harmonien, det som i dag er Bergen Filharmoniske Orkester. Tre år seinare flytte han til Kristiania for å bli kapellmeister ved Centraltheatret. Den tuberkuloseplaga komponisten etterlét seg ei kort, men variert verkliste: to dusin mannskorsongar, ymse kammermusikk og orkesterverk, éin symfoni og over 70 romansar for røyst og klaver.
Caspari-songar
I dag er det romansen «Sne» Lie er mest kjend for, eller kanskje heller: minst ukjend for. Den fekk me på volum 1 av Marianne Beate Kielland og Nils Anders Mortensens samleinnspeling av romansane hans. Det andre og siste volumet held fram kronologisk der det fyrste enda, med songsyklusar og posthumt publiserte enkeltsongar.
Albumet opnar pangermansk, med syklusen Wartburg frå dødsåret 1904. Poesien av den tyskætta nordmannen Theodor Caspari (1853–1948) handlar om eit av Tysklands romantiske nasjonalsymbol, om Luther-borga som kneisar over Eisenach, J.S. Bachs og den tyske studentrørslas fødeby.
Det er uvanleg verkelyst over Kiellands deklamerande mezzosopran i sistesatsen «Hymne» (spor 6), på orda «Wartburg, Wartburg! Hil dig høye lyse Borg bag Linde gren./ Du er Fædrelandets Hjerte, du er Tysklands Ædelsten. [...] Aldrig skal du mangle Mure, aldri Tyskland mangle Mænd!».
Garborg-songar
For amatørar er ikkje stykka skrivne. Dei krev ofte ein teknisk habil songar – noko Kielland definitivt er – for toneomfanget er vidt, og der er stadig «uvokale» tonesprang i melodien. Den nyanserikt komponerte klaverparten blir grundig framført av Mortensen, som atter syner at han er ein av våre fremste akkompagnatørar.
Stilistisk høyrer Lies songar til seinromantikken, han døydde jo før den musikalske modernismen feste seg, og det er karakteristisk at den i Noreg så hegemoniske «nasjonale tonen» oftast er fråverande – med enkelte markante unntak: I «Ku-lokk» (spor 20) frå Fire sanger fra Haugtussa (1898) er tonaliteten så folkemusikalsk ein får det. Som komposisjon er denne Garborg-songen like underleg som han er vedunderleg. Klaveret teier nemleg mesteparten av tida og lèt Kiellands sylvklåre kulokk klinga åleine.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.
Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records
Praten flyt lett
Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»