Uskuldig
Dei innsette elskar sjakk, og eg har spela i ymse norske fengsel.
Foto: Cathrine Holden
Les også
For bragdene i 1941 og 1950 vart Ljudmila Rudenko heidra med ein såkalla Google doodle den 27. juli 2018, der Google-brukarar over heile verda vart introduserte for historia hennar.
Faksimile: Google
Rudenkos bragd
Les også
Den gongen det dansk-litauiske paret kunne kommentera sjakk i Russland.
Foto: Fide.com
Eit make par
Les også
Arkadij Dvorkovitsj vitja i april 2019 jentegruppa til Embla Ekeland Grønn i Oslo Schakselskap.
Foto: Trygve Indrelid / Norges sjakkforbund
Sympatisk og problematisk
Les også
Frå mitt siste møte med Helmers i 2004.
Foto: Atle Grønn
Ein trenarguru

Eg har gått inn og ut av norske fengsel eit dusin gonger. Somme kan ha fått 21 år, men er ufarlege «brikkeflyttarar» når eg kjem. Andre er farlege, og eg får ikkje møta dei.
Ein gong, langt borte frå sjakklokalet, kom det likevel tre skumle menn mot meg. Eg skjøna på nykelknippa at to av dei var vaktarar. Den tredje i midten ropte: «Har du spela mot Carlsen?» «Ja.» «Har du slege han?» «Nei.»
Sist gong vart tryggleiken diskutert. Sjefvaktaren sa: «Det skal gå bra, vi har ein sjakkinteressert mann i rekneskapsavdelinga òg.» Det var godt å høyra i fall nokon av dei innsette planla underslag under sjakkseansen. Kor som er, litt svinn må ein rekna med. Som ein fange sa til meg: «Jakka du hengde over stolen, kan du kjøpa på Finn.no om nokre veker.»
Dei innsette elskar sjakk. Bibliotekarane konstaterer at somme et offentleg sjakkutstyr til frukost. Borte vekk er det – om ein ikkje finn det attende på Finn.no.
Dei innsette har større musklar og er betre sjakkspelarar enn gjennomsnittsnordmannen. Dei fyller dagane med styrketrening og sjakk. Dei har ikkje internett, så somme les bøker. Ein intellektuell type kommenterte sjakkspalta og sa at han ein gong hadde sett ein Dag og Tid-skribent på eit bibliotek. «Veit du kven?» spurde han. «Kor mange gjett får eg?» spurde eg. Rett svar var Håvard Rem.
Dei fleste norske fangane kan banna på russisk. Ein vestlending sa han var eit språkgeni og byrja prata russisk med meg. Han hadde lært russisk av di han var interessert i tsjetsjensk kampsport.
Til vanleg spelar eg 15 parti simultant med 30 minutt tenkjetid, i snitt to minutt per parti. Med litt flaks vinn eg alt. Men i fjor under koronaen skjedde ei ulukke. Dei hadde pynta gymsalen og funne plass til heile 28 motstandarar. Eg handhelsa på alle, som ikkje var bra, men det verste var albanaren.
Han var full av sjakktriks frå Balkan og vann fortent. Så byrja han hjelpa sidemannen, som bar namnet «Den uskuldige». «Er han uskuldig?» spurde eg. «Han berre heiter det», sa dei andre. «Er det kallenamn eller døypenamn?» spurde eg. «Det er det ingen som veit», sa dei.
Med hjelp frå albanaren vann Den uskuldige òg i simultanen. I år var albanaren borte, men ein legendarisk fangevaktar som hadde personleg score 3–0 mot albanaren og hadde «konkurrert mot Agdestein» i ungdomen, var på plass. Eg gav alt mot fangevaktaren, rekneskapsføraren og dei innsette – og vann 15–0.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.