JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SpråkKunnskap

Bladlus med rulleblad

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2369
20210716
2369
20210716

Dette bladstykket er ikkje prydt med bladgull. Det løyner seg ikkje bak eit fikenblad heller. Likevel har bladstyraren og resten av bladfolket i bladstova sleppt det igjennom, so no kan folk sitja i skuggen frå eit tett bladverk og lesa om blad i bladet – eller dei kan blada om til neste side.

Blad er eit nedervt ord som svingar seg i alle dei nærskylde måla. Ordet er temmeleg lett å kjenna att, jamfør former som engelsk blade og tysk Blatt. Opphavet er noko uvisst. Ei rad ordbøker opplyser at blad kan vera i ætt med blome og blomster. Me skal i alle fall til planteriket, for grunntydinga til blad er ‘grann og ofte flat plantedel som veks ut frå ein stengel eller ei grein’. Mange av blad-orda våre har med slike blad å gjera, som bjørkeblad, palmeblad, tobakksblad, bladnerve, bladkjøt, bladbille, bladstilk og bladgrønt. Slike blad har òg gjeve oss vendingar som «skjelva som eit ospeblad (eller ospelauv)» og «vera eit persilleblad». Seiemåten «ta bladet frå munnen» er kan henda ei omdanning av eit gamalt tysk uttrykk som tydde ‘ikkje blygjast’ (jf. fikenblada i 1 Mos 3,7).

Det er ei gamal gjerd å nytta blad om saker som er granne og flate som eit lauvsblad eller er skipa slik at det liknar lauvsbladet på stengelen. Ei rad reiskapar har blad: Me talar om sagblad, knivblad, økseblad, barberblad og åreblad. Dessutan nyttar me blad om nokre av lekamslutene våre. Me kan ha vondt mellom aksel- eller skulderblada og kitla nokon under fotblada. Når me talar om to personar som har same etternamnet (t.d. Berg), kan me seia «to blad Berg». Papirstykke vert òg kalla blad: «Dei siste blada i boka er borte.» «Ho har med seg eit kartblad.» Me kan spela eller syngja «frå bladet». Dersom ei sak har teke ei anna vending, kan me seia at «bladet har vendt seg».

Ikkje minst nyttar me blad om aviser, tidsskrift og magasin. Her finst ein heil flora av slike blad, som teikneserieblad, moteblad, barneblad, dameblad, mannfolkblad, dagblad, vekeblad og medlemsblad. Om me skal ha slike blad, lyt me blada opp nokre kroner. Flygeblad plar derimot ikkje kosta noko. Rullebladet er ei sak for seg. Fyrstelekken i ordet er rulle i tydinga ‘liste over vernepliktige’. So eit rulleblad er strengt teke eit skjema med skrivne opplysningar om ein vernepliktig.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis