Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Språket og universet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Presidenten i verdssjakkforbundet FIDE, Kirsan Iljumzjinov, trur at romvesen spelar sjakk.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen

2052
20180105
2052
20180105

Arrangøren hadde invitert ei stjerne, den mest kjende leksikografen i Russland, til å halda innleiingsføredraget på ein stor konferanse om russisk språk. Det var tyst i salen. Den 82 år gamle mannen som visste alt om alle ord, var dessutan kjend for ikkje å lesa forskarar som var yngre enn han sjølv. Han byrja prata om ei ny oppdaging… i ei russisk sjakkbok han hadde på nattbordet. Eg spissa øyra.

Ingen torde seia noko, men eg ville ikkje kunne leva med meg sjølv om eg heldt munn, så i kaffipausen gjekk eg bort og presenterte meg. «Den språklege sjakk-konstruksjonen De har oppdaga, har eg sjølv publisert ein artikkel om», sa eg. «Hm», var alt ordgeniet sa.

Litt betre gjekk det nokre år seinare. På fyrste rad sat ein av dei leiande språkforskarane i verda. Eg hadde absolutt ikkje noko å seia han, men i kaffipausen gjekk han med tydelege steg i retning av der eg stod. Eg snudde meg, men det var ingen bak meg.

Han såg på meg og sa: «I heard you are drifting towards chess.» «Aha», tenkte eg nøgd. «Om vi skal snakka om sjakk, skal nok samtalen gå bra.» Men oppfølginga hans var uventa. «Eg trur ikkje romvesen spelar sjakk», sa han med ein sterk tysk aksent som gjorde talen hans endå klårare. Ingen ord vart slukte, og tanken bak orda kom fram.

«Ja vel, så du trur ikkje det», tenkte eg for meg sjølv, og miste med eitt vørdnaden for denne mannen som skulle vera heilt uvanleg intelligent, ifølgje dei som sat på andre rad. «Leiaren for verdssjakken, Kirsan Iljumzjinov, er ikkje samd med Dykk. Han trur nemleg at sjakken vart funnen opp av romvesen», sa eg som sant er, og lo høgt. Men den tyske professoren hadde eit poeng. «Eg trur romvesen spelar det japanske spelet go», sa han. «Ideen bak go med kvite og svarte steinar er så enkel at det er statistisk usannsynleg at spelet ikkje eksisterer andre plassar enn på jorda. Sjakken har på si side eit mykje meir komplisert sett med brikker…» Og så var kaffipausen slutt, og han gjekk attende til fyrste rad.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis