Tacochips
To sider av same sak er ikkje meir.
Trekanta på firkanta fat. Ligg smaken i forma?
Foto: pxhere.com
Skal du ete tacos i kveld? Heldige deg, du kan velje mellom eit utal ulike produkt i daglegvarebutikken din. Her er det krydderposar, sausar på glas, sausar på pose, ulike sett, lefser, skjel og chips og mykje godt.
På min ikkje så store nærbutikk tel eg 45 produkt berre i sjølve tacohylla. Kolonial.no stiller med litt fleire – 50 produkt – medan meny.no skryter av 72 produkt. Og på topp: Forbrukarrådets daglegvare-app Peiling gjev meg 139 treff på tacos.
Her ser eg at det har snike seg inn ein og annan bagett og tacopizza som ikkje er direkte overførbare til tacofredag. Men uansett: for eit mangfald. Og tacos er ikkje aleine: I perioden 2008 til 2015 auka talet på varer med 30 prosent, ifylgje forbruksforskingsinstituttet SIFO, og kvart år er det 1500 varer i butikkane som ikkje var der i fjor.
Eller? Er fleire varer i hyllene det same som meir mangfald?
Form, ikkje innhald
Ein av kategoriane tacoprodukt er maischipsen, skapt for enten å dyppe i rømme, guacamole eller salsa, dekt med ost og steikt i omnen, eller å ete som han er.
Eg er van med å tenke på denne chipsen som nachos. I hylla på Kiwi finn eg heilt riktig ein pose nachochips under merkevarenamnet Old El Paso, som er eigd av det multinasjonale matvarekonsernet General Mills. Nachochipsen inneheld tre ting: mais, solsikkeolje og salt. Ein pose kostar 9 kroner og 60 øre, noko som gjev ein kilopris på beskjedne 48 kroner.
I hylla over finn eg òg maischips frå Old El Paso. Desse heiter tortillachips og kostar 107,57 kroner per kilo. Innhaldet er framleis mais, solsikkeolje og salt.
Skilnaden? Tortillachipsen er trekanta medan nachocipsen er rund.
Er det verdt ein over dobbelt så høg kilopris? Knappast. Her er det lett å velje den billegaste varianten – om trekantane skulle vere marginalt betre å dyppe i dippen, lèt det seg enkelt og greitt løyse ved å knekke rundingane i to.
Viktigare er det likevel at to heilt like chips – om enn i ulik form – ikkje tilbyr forbrukaren meir mangfald enn berre éin chips ville gjort. Tvert om er det stor fare for at forbrukaren vert meir forvirra: Kvifor er det to like chips her, og kvifor er prisskilnaden på dei så stor? Vert eg lurt om eg kjøper den dyre, eller er det ein eller annan kvalitetsskilnad her som eg ikkje får med meg?
Dessutan får vi stadig høyre frå bransjen at hylleplassen i daglegvarebutikkane er avgrensa. Dei kan ikkje ta inn alle nyhende, alle lokale produkt, nylanseringar kan ikkje få så lang tid på seg til å finne plassen sin, men må vere lønsame fort, elles ryk dei ut att, for vi kan ikkje bruke eksklusiv hylleplass på produkt som ikkje løner seg.
Den store maisverda
I staden for ein av chipsvariantane kunne det vore eit anna produkt som verkeleg gav oss større mangfald. Særleg i maisverda. For der vi har vorte vane med at det fins to typar mais – den vi bruker til popkorn, og den gule vi bruker til alt anna – finst det i røynda tallause maisvariantar.
Mais kan vere svart, kvit, raud, lilla, blå, prikkete, flekkete, liten, stor, søt, melen, hard, mjuk, god, smaklaus og det aller meste der imellom. Det finst gamle sortar med store, svulmande kolbar og moderne sortar med kolbar på storleik med langfingeren din. Den tradisjonelle Chullpi-maisen frå Jujuy i Argentina har oval kolbe og kjernar som vert rynkete når dei modnar, medan Colorado-maisen frå same land har mørkt oransje kjernar. Om vi gjekk globalt til verks, kunne vi truleg ete nye maisvariantar kvar dag i ganske mange tiår.
Det kan vi ikkje vente å få servert på Kiwi. Men tru det eller ei så finst det ein aldri så liten sjanse til å smake på dette enorme mangfaldet rett framfor meg i tacohylla. Produktet heiter White Corn Tortillas, er i Old El Pasos Mexicana Street Market-serie og laga berre på kvitt maismjøl.
Verdt ein smak? Kvifor ikkje?
Kjøper eg nacho- og tacochips til fredagskosen? Nei takk, eg vidar ut horisonten ein aldri så liten tacosmule med White Corn Tacos.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her er det lett å
velje den billegaste
varianten.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen