Temposkifte
Carlsen i København.
Foto: Claus Bech/Ritzau/NTB scanpix
Kontrasten til verdsmeister Mikhail Botvinnik, patriarken i sovjetisk sjakk, vert ikkje større. Mantraet til Botvinnik var: analyse, analyse og analyse. Dette skulle ein kombinera med fysisk trening og seriøse treningsparti, men det viktigaste var å styra unna alt «fjas». Eg minner om Botvinnik-sitatet: «Eg har òg spela lynsjakk. Det var på eit tog. I 1929.»
Botvinnik meinte at ein ikkje skulle konkurrera, men trena seg i form. På det mest ekstreme, som fersk verdsmeister i 1948, spela han ikkje eit einaste konkurranseparti før VM-kampen i 1951 mot Bronstein. Rett nok tok han ein doktorgrad i ingeniørfag på den tida, men i dag er tanken på at ein regjerande meister ikkje viser seg fram på tre år, heilt framand.
Magnus Carlsen (28) har i år den mest heseblesande kalenderen sjakkverda har sett frå ein verdsmeister. Kort tid etter sigeren i Afrika var Carlsen på plass i København, til eit storslege show framfor 800 tilskodarar, frå den legendariske fotballmålvakta Peter Schmeichel til kjendishjerneforskaren Peter Lund Madsen. Fyrst vann Carlsen 24–0 i ein simultan mot uvanleg sterk motstand, der tre–fire av spelarane heldt skandinavisk elitenivå.
Carlsen gjekk direkte frå simultanspelet til eit djupintervju på engelsk med hjerneforskaren. Carlsen svara interessant om tema som intelligens, intuisjon – ja, korleis han tenkjer. Den leiande svenske sjakkjournalisten Lars Grahn rapporterte: «Drömmer jag? Har jag hamnat i en filial till paradiset? Det var frågor jag ställde mig när jag avnjöt helaftonsföreställningen.» Carlsen fekk salen til å gapskratta då han vart spurd om han representerte heile Norden, og nekta å halda fram om eit slikt tema på engelsk. Resten av kvelden var hundre prosent dansk-norsk og vart avslutta med ein hurtigsjakkduell mot den danske kometen Jonas Bjerre (14), nummer to i verda i sin aldersklasse. Carlsen heldt sjølv remis som 13-åring mot Kasparov, men var nådelaus mot Bjerre og vann 2–0.
To dagar seinare var Carlsen på plass i Lindores Abbey, heimstaden til skotsk whisky, der han vann ei hurtigsjakkturnering mot verdstrearen Ding Liren og dei gamle VM-motstandarane Karjakin og Anand. Måndag byrjar Norway Chess i Stavanger.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.