To Ka
Karpov og Kasparov kjempa om å verta «årets idrettsutøvar» i Sovjetunionen.
Berre ved eitt høve etter den andre verdskrigen har både verdsmeisteren og utfordraren vore i ein divisjon markant over resten av sjakkeliten. Mellom 1984 og 1990 var sovjetarane Anatolij Karpov (f. 1951) og Garri Kasparov (f. 1963) så mykje betre enn dei andre at dei berre kunne få naudsynt trening gjennom VM-kampar.
Dei to Ka-ane spela til saman fem VM-kampar og 144 VM-parti mot kvarandre i desse åra. Kasparov vann 21 parti, Karpov vann 19 – og resten enda i remis. Dei hata kvarandre og gjorde kvarandre gode på sjakkbrettet. Det var gamalkommunisten Karpov mot rebellen Kasparov – ein åndskamp ved eit lite bord på ein scene, dag etter dag, år etter år. Dette var samstundes gullalderen i sjakkhistoria. Billettane til VM-partia i Moskva var like etterspurde på svartebørsen som dei beste plassane på Bolsjoj-teateret. Karpov og Kasparov kjempa om å verta «årets idrettsutøvar» i Sovjetunionen. Dei to siste gongene Kasparov fekk utmerkinga, kom skilauparen Jelena Välbe på 2. plass.
I fem år har Carlsen vore eineherskar i sjakkverda, men utfordraren Fabiano Caruana vil det annleis. Han er no nummer to på verdsrankinga og kjem nærmare for kvar turnering. I Grenke Chess Classic i Karlsruhe og Baden-Baden denne veka vann Caruana eit heilt poeng føre Carlsen på 2. plass.
Når to sjakkspelarar, to tennisspelarar eller to boksarar i same generasjon dominerer sporten, får duellen om verdsherredøme ein ekstra dimensjon. Alle russarar kjende til Karpov og Kasparov. Kan Carlsen–Caruana verta ein ny legendarisk Ka-duell, denne gongen med ein skandinav mot ein amerikanar – à la Bjørn Borg vs. John McEnroe?
Caruana vil garantert ikkje skjella ut domaren som McEnroe, men Carlsen vil kan henda selja truser som Borg. Det er nemleg ei kopling mellom sjakk og reklame, skriv amerikanaren Raymond Chandler i Den lange søvnen (1939): «Sjakk er den aktiviteten som kastar vekk flest hjerneceller på unyttig vis etter reklamebransjen.»
Grenke Chess Classic 2018:
1. Caruana 6,5
2. Carlsen 5,5
3. Aronjan 5
4. Vitjugov 5
5. Vachier-Lagrave 5
ATLE GRØNN
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?