JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Tomatbønner

Ikkje heilt det det gjev seg ut for, men godt likevel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3564
20170616
3564
20170616

Synest du frukosten på norske hotell er overdådig? Syntest du haugane bratwursttyskarar, fellesferierande familiefedrar og blåhåra amerikanarar legg på tallerkane sine, er noko å skrive heim om? I så fall har du aldri ete frukost på eit truck stop i England. Sidan trailersjåførane ikkje har særleg døgnrytme å snakke om, får dei servert frukostmeny heile døgnet. Og det er altså ikkje snakk om småtteri.

Kaffikoppane kunne tilfredsstilt Store Vennlige Kjempe. Tallerkane strekker seg mot diameteren på trailerdekka, og serveringsbakkane breier seg utover som parkeringsplassane utanfor. Du skal ha nokre sjåførår på baken før du klarer å få fatet til å likne noko anna enn Danmark. Dei fleste her har det; både skotske høgland og walisiske haugar er å sjå i korte augneblinkar før både toppar og dalar forsvinn ned i svoltne sjåførmagar. Dette er english breakfast der han høyrer heime, slik han høyrer heime: speilegg, bacon, steikte eller friterte poteter, pølser, steikt sopp, toast – og sjølvsagt tomatbønner.

Bønner for samvitet

Fyller tomatbønnene rolla som salatsubstitutt og samvitskjøpar? Det kan godt vere. Medan somme meiner tomatbønner er ei nyvinning som kom inn i den engelske frukosten med knappheita under verdskrigane, hevdar likevel dei fleste (inkludert The English Breakfast Society) at baked beans har sin plass i ein god fry up.

For bønnene er om lag det einaste på tallerken som verken er stekt, fritert eller – trass det engelske namnet – bakt. Namnet heng att frå gamle dagar, då det berre var to måltid å få for dei aller fleste, og ingen tenkte over kva som passa å ete til frukost og ikkje. Då grov ein bål ned i bakken og sette ei gryte med bønner og kva ein no elles hadde ned i gropa, før ein grov att og lét restvarmen fullføre jobben. Resultatet vart bakte bønner i saus – då som no, sjølv om smaken nok er noko annleis.

Heller ikkje på norsk svarer innhaldet i hermetikkboksen heilt til namnet på utsida. Det er ikkje mange tomatar att i ein gjennomsnittleg tomatbønneboks – høgst ein god klatt tomatpuré. I tillegg er det lett å kjenne på smaken at det er ein god dæsj skjult sukker i boksen. Men kan det vere at dei positive effektane vinn over dei negative?

Ny jobb, ny frukost

Fram til 1950-talet åt annankvar engelskmann ein tilnærma full engelsk frukost kvar morgon. I takt med at stadig færre har fysisk arbeid, har talet på slike frukostar heldigvis gått ned. Dei aller færraste av oss har godt av å starte kvardagen på denne måten slik vi no lever. Men som vi så vidt har vore inne på, er ikkje tomatbønnene det fyrste vi skal kvitte oss med. Sukkerinnhaldet er trass alt berre ein fjerdedel av det ein finn i vanleg ketsjup frå Idun. Bønner er ei god, vegetarisk proteinkjelde vi burde ete meir av. Sleng på eit speilegg, ein halv avokado og rikeleg med tabaskosaus, og du har cowboymiddag godt som nokon, til kva som helst tid på døgnet.

Er det nokon skilnad på boksane? Litt. Eldorado ryk ut på ideen om å tilsetje syntetisk framstilt aroma. Tomatbønner skal smake tomatbønner, og det klarer alle dei andre boksane heilt fint på eiga hand, utan hjelp frå laboratoriefrakkar og reagensrøyr. Vil ein flotte seg litt, er Helios eit godt alternativ, med 30 prosent av noko som éin gong var ordentlege tomatar. Men litt av poenget med tomatbønner er jo nettopp at det ikkje er så flott – berre godt. Ein boks frå Nora, til dømes, er meir enn godt nok.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fyller tomatbønnene

rolla som salat-

substitutt og

samvitskjøpar?

Det kan godt vere.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis