Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Utan matt, ingen gud

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjakkgeniet Paul Morphy enda i galenskap heime i Louisiana.

2150
20171215
2150
20171215

Det store romantiske geniet i sjakkhistoria var amerikanaren Paul Morphy. Familien hadde irsk bakgrunn, og namnet var opphavleg skrive Murphy. Etter ein turné i Europa i 1858, då han vann alt som var, enda han livet som ein ulukkeleg jurist i galenskap heime i Louisiana.

Samuel Beckett (1906–1989) var ingen romantikar. Men han var oppteken av galenskap og kritisk til heimlandet Irland. Og han var sjakkspelar med god kjennskap til hypermodernistane på 1920-talet. I bokhylla hans fann ein avansert sjakklitteratur. Mot slutten av livet studerte han partia til Garri Kasparov.

Om romanen Murphy frå 1938 seier litteratane at sjakkpartiet i siste bolk summerer opp heile verket. Fleire kritikarar skriv at dei ikkje skjønar noko av sjakk, men at sjakktrekka likevel er nykelen til å skjøna romanen. Dramatikar Finn Iunker spurde meg om sjakktrekka gav meining.

Romanen har meir handling enn dei seinare teaterstykka Mens vi ventar på Godot og Sluttspel (med sjakkreferanse alt i tittelen). I det mest kjende stykket kjem aldri Godot. Det finst ingen gud.

Men i romanen skjer det noko. Murphy forlèt ei irsk jente og flyttar saman med ei prostituert før han forlèt henne òg. Han finn arbeid på ein psykiatrisk institusjon der han byrjar spela sjakk med ein pasient, Mr. Endon. Sjakkpartiet er repeterande og umiskjenneleg Beckett: 43 trekk for kvit og svart utan at ei einaste brikke vert slegen ut. Beckett kommenterer at alt det fyrste trekket, der Murphy spelar kongebonden to skritt fram, er byrjinga på problema til Murphy. Ein fødsel er eit sikkert varsel om døden.

Å opna med kongebonden går mot prinsippa til hypermodernistane som spela på flankane. Beckett kan sjakkhistoria, men er det verkelg sjakk Murphy og Mr. Endon spelar? Det er mitt spørsmål til Beckett-forskarane. Det kan synast som dei ikkje spelar med regelen om at ein kan slå ut brikker. Men endå verre: Dei spelar ikkje med regelen om sjakk matt. Murphy gjev opp partiet i ei lik stilling. Om ein spelar sjakk utan målet om sjakk matt, finst det ikkje lenger nokon gud eller meining i galenskapen.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis