Uventa problem
Feltmarskalk Mikhail Kutuzov hadde vore unemnd lenge, men dukka opp i glas og ramme i dei sovjetiske offisersmessene under den andre verdskrigen.
Foto: Wikipedia
Det er ingen orden på problemproduksjonen historia stendig driv med. Støtt og jamt kjem det overraskingar, som så må handterast med den klokskapen, den fantasien og den makta som finst. Løysingane, resultata, kan bli overraskande, dei også.
I 1940 stod England åleine mot den største krigsmakta historia til då hadde sett. Frankrike var slått, Danmark og Noreg okkuperte. Situasjonen var dramatisk. Alle ressursar måtte sikte mot eitt mål: å forsvare seg og drive barbariet tilbake. Det vart innført rasjonering på det meste. Gummi var eit viktig stoff for krigen. Det vart streng rasjonering på gummi. Men eitt produkt vart fritatt for rasjoneringa: gummiblåsene som bles opp fotballane av lær. Dei var nødvendige for å kunne spele fotball. Og den store strategen Winston Churchill meinte at fotball var nødvendig i krig, skulle ein halde motet oppe og sinna friske. Så gjekk fotballen sin gang medan Storbritannia levde seg gjennom si farlegaste tid. Livet kunne ikkje stanse, meinte Churchill.
Den tyske invasjonen i Sovjetunionen i 1941 var katastrofal for det sovjetiske forsvaret. Tyskarane hadde stor framgang og kom langt inn i landet. Forsvaret var i dårleg stand. Ein av grunnane til det var at mange høge offiserar var reinsa ut i dei prosessane Stalin stod bak i trettiåra. Dei var borte – døde eller deporterte. I tillegg var kommandostrukturane ille medfarne. Armeen var folkets armé. Det innebar at alle offisersdistinksjonar var fjerna. Ingen skulle stikke seg ut med pynt og jugl. Stjerner, vinklar, gylne snorer, alt var borte.
Då katastrofen var eit faktum og tyskarane marsjerte innover i landet, snudde Stalin. Her måtte ein tilbake til gamal orden. Vinklane og den andre pynten måtte tilbake. Hæren måtte kome på fote, strukturelt og psykologisk. Den ærefulle tsartida vart løfta fram. Tsarens gamle generalar dukka opp i offisersmessene, i glas og ramme, med alle medaljar, utmerkingar og alt dei kunne vise fram. Og all offiserspynten var der. Dagleg gjekk sovjetiske offiserar under det strenge blikket til Kutuzov, ein av dei store hærførarane i all historie, han som dreiv Napoleon ut av landet. Han hadde vore unemnd og borte lenge.
Men kor kunne ein få tak i den nødvendige offiserspynten? Einast i USA, var svaret. Og pynten vart tinga. Men om han skulle kome inn i Sovjet, fanst det berre éin open veg, gjennom Nordishavet fram til Murmansk og Arkhangelsk, forbi norskekysten i nord, der også anna krigsmateriell vart frakta, i stor del av norske skip. Denne trafikken var livsfarleg, og tapa var store, også for norske skip og sjømenn. Og det blir fortalt at det vart reagert frå norske mannskap når det vart klårt for dei at dei sette livet på spel for denne offiserspynten, dette juglet.
Men det meste av pynten kom fram, og tyskarane vart etter kvart drivne tilbake og heim til Berlin. Så når dei sovjetiske generalane paraderte og feira sigeren over Hitler, var dei like pynta med stjerner og band som tsarens generalar hadde vore då dei reid inn Paris etter at Napoleon var slått. Tradisjonen hadde vunne, og høge sovjetiske militære som var å sjå i etterkrigstida, hadde brystkassa godt dekt med stas.
I 1976 hadde USA sitt store jubileum. Det var 200 år sidan staten var grunnlagd. Frå ein spinkel start, med nokre få statar, var den nye staten no blitt den leiande makta i verda – økonomisk, militært, teknologisk, ideologisk og mykje meir. Her var mykje å feire. Til slik feiring høyrer fyrverkeri. Og her melde det seg eit delikat problem. Den i særklasse leiande staten når det galdt avansert fyrverkeri, var det kommunistiske Kina. Kunne fridomens fyrtårn feire seg sjølv med fyrverkeri frå Maos diktaturstat, med alt som var å seie om dette systemet?
Valet var vanskeleg. Skulle ein velje eit fantastisk festfyrverkeri, verdig USAs posisjon og historie, eller skulle ein vere prinsipiell og ha reine hender? Kva resultatet vart, veit eg ikkje. Men debatten var livleg.
Politikk handlar om nesten kva som helst, storpolitikken også.
I Europas lagnadstime kom det også til å handle om fotballar, og om pynten på offisersbrysta, slik den store festen for den mektigaste staten i verda også kom til å handle om kva som skulle farge og opplyse den mørke nattehimmelen den store festkvelden.
Å skilje smått og stort er ikkje alltid lett.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.