JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

«Vigselen nærmar seg, og det er på tide å få på seg dressen. Dokøen er sikkert lang i butikken, så det beste er å skifte i bilen.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3196
20240823
3196
20240823

Bryllaup (3)

Sverre har berekna heilt feil og kjem til Sauda to og ein halv time før bryllaupet skal byrje. Han skjønar ikkje kva han har tenkt på. Uansett har det inga hensikt å køyre opp til kyrkja og sitje der og vente. Sverre svingar inn på ein bensinstasjon og parkerer ved sida av nokre bubilar. Ein familie sit og et ved eit campingbord dei har sett opp føre bilen sin. Ein flokk sporvar fylgjer spent med.

Han er trøytt etter å ha stått opp tidleg og køyrt langt. Sverre opnar vindauget halvvegs, legg seteryggen bakover og duppar av. Når han vaknar, er det endå fleire bilar og folk utanfor bensinstasjonen.

Vigselen nærmar seg, og det er på tide å få på seg dressen. Dokøen er sikkert lang i butikken, så det beste er å skifte i bilen.

Styret er i vegen, så Sverre skrevar over girspaken og får rugga seg på plass i passasjersetet. Knappen og glidelåsen er alt open, så det er berre å løyse beltet, lette på rumpa og trekkje av seg kortbuksa. Beina i kortbuksa er så vide at skoa går rett gjennom utan problem.

Sverre fiskar ned skjorta som heng over bakdøra, med ein kjapp handbevegelse og unngår å skrukke ho til når han tek ho på. Det er ikkje lurt å trø i dressbuksa med sko på. Klarar du halde rett vinkel, kan du vere heldig, men mest sannsynleg kilar dei seg fast rett ned forbi knea.

Han tek av seg skoa og passar på å ikkje trø ned på golvet, samtidig sklir han litt fram på setet og trekkjer knea opp mot haka. Med begge nevane held han buksa i ein slags klump beina skal finne vegen gjennom. Det går på første forsøket, det er ikkje nokon kunst. Sverre dreg buksa forsiktig på, først føtene og leggane, så vidare til låra og opp mot livet, no senkar han roleg beina og passar på å trø rett i skoa. Med eit bestemt rykk samtidig som han liksom hoppar litt i setet, dreg Sverre buksa på plass. Det er så lett.

Medan han skrevar seg tilbake til førarsetet, kjem olbogen borti bilhornet, og det tutar så Sverre skallar i taket. Utanfor flyg sporvane inn i ein busk. Ei dame skvett til og mister mest softisen ho held på å slikke i seg.

Sverre kan ikkje hugse å ha sett onkel Karsten gå i dress nokon gong, men han gjorde vel det. Ingen slepp unna. Det er dei andre kleda han ser føre seg, dei som det verka som onkel Karsten alltid hadde på seg. Den rutete skjorta med dei store lommene. Vill vest-buksa, som han kalla ho, sjølv om det berre var ei vanleg dongeribukse.

Det er eit jamt sig av folk på vegen bort mot kyrkja. Timinga er perfekt, og det er enno mange ledige parkeringsplassar. Han stoppar bilen, tek på seg dressjakka og hengjer seg på. Folk står i smågrupper utanfor og snakkar. Mange har nok ikkje sett kvarandre på lenge.

Sverre ser ingen det er naturleg å ta kontakt med. Folk verkar så forandra. Antakeleg er dei fleste slektningar på Aina si side, ho har ein stor familie som Sverre ikkje har hatt så mykje med å gjere.

Folk trekkjer inn i kyrka, og Sverre tek til høgre og set seg på ein av dei fyrste benkane innanfor døra, han hamnar bak ei søyle og ser berre føtene til brudgommen der framme.

Framhald

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis