Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå Woody Allens fyrste film, «What’s New Pussycat?» (1965).

2137
20170407
2137
20170407

I Det sjuande seglet frå 1957 av Ingmar Bergman vert riddaren Antonius Block konfrontert med Dauden etter at han kjem heim frå eit korstog. Riddaren bed om meir tid og byrjar spela eit parti sjakk med Dauden. Om han vinn, går han fri.

Bergman går til verket med det djupaste alvor. Sjakken får ein filosofisk-symbolsk dimensjon: kvit mot svart, det gode mot det vonde.

Woody Allen, som er ein stor beundrar av Bergman, skreiv sin eigen versjon av det eksistensielle dramaet i form av teaterstykket Death Knocks (1971). Her vert hovudpersonen Nat overrumpla av Dauden, som i denne scena er litt nervøs. Det er den fyrste dagen hans i ny jobb. Nat utnyttar nervøsiteten til Dauden og føreslår eit slag av kortspelet gin rummy. Om Nat vinn, vil han gå fri.

Woody Allens fyrste møte med sjakken var traumatisk nok. Han var ein liten og veik skulegut og lukkast ikkje på idrettsbanen. Men mest audmjukande var det då han òg vart nekta plass på skulelaget i sjakk: «I failed to make the chess team because of my height.»

Seinare gav han hovudpersonen i filmen Whatever works (2009) arbeid som sjakklærar for skuleborn. «Slo du son min med eit sjakkbrett i klassen i dag?», spør ei fortvila mor. «Den idioten, er det son din? Gjer meg ei tenest og ikkje send den tomskallen til sjakktimane mine.» «Så du kasta eit sjakkbrett på han?» «Nei, eg berre let brikkene dryssa over hovudet for å sjå om det var liv i hjernen hans.»

Perla i sjakkhumoren til Allen er eit tidleg arbeid: ”The Gossage-Vardebedian papers”, som vart prenta i The New Yorker i 1966, og som er å finna i samlinga Getting Even (1971). Howard Gossage var ein kjend reklamemann som stod bak konseptet om at det viktigaste i reklame ikkje er forbrukarinformasjon, men å øydeleggja for konkurrentane. «Vi gjer alle feil. Sånn er livet – og sjakken», seier Gossage, som spelar eit postsjakkparti mot Vardebedian. Dei to er ikkje samde om den aktuelle stillinga på brettet, men båe held fram med sin versjon. Til slutt endar den absurde brevduellen med at dei set kvarandre sjakk matt i eitt og same parti.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis