Ei svekking av demokratiet
Onsdag 5. juli var høyringsfrist for framlegget frå regjeringa om å endre offentleglova, offentlegforskrifta og arkivforskrifta. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår eit tillegg i offentleglova paragraf 14 første ledd som seier at offentleg innsyn ikkje skal gjelde for organinterne dokument eller journalinnføring av slike dokument.
Mange av høyringsfråsegnene seier at endringsframlegget er svakt grunngjeve og mangelfullt utgreidd. Norsk Journalistlag skriv at framlegget har ein logisk brest når det i høyringsnotatet frå Justis- og beredskapsdepartementet vert hevda at eit generelt unntak for journalføring av organinterne dokument «ikke vil svekke allmennhetens informasjonstilgang».
Norsk Redaktørforening går så langt som å seie at framlegget i røynda «premierer» lovbrot i forvaltinga. Norsk Presseforbund skriv at det å ta frå samfunnet retten til innsyn i organinterne dokument er meir inngripande fordi vi vert fråtekne retten til å sjå at dokumenta finst.
Journalist Vidar Ystad har gjennom fleire artiklar i Dag og Tid vist kor viktig offentleglova er. I 15 månader nekta Finansdepartementet innsyn i dokumentlister som gjaldt saka om Christine Meyers avgang som direktør i Statistisk sentralbyrå i 2017. I ei sak som stod på trykk i Dag og Tid 24. april i år, sa Sivilombodet at Finansdepartementet ikkje hadde behandla innsynskravet i tråd med reglane i offentleglova, og at departementet heldt opplysningar attende utan heimel i lov eller forskrift gjeven i medhald av lov.
Demokrati, pressefridom og ytringsfridom er under press i mange land. Difor er det godt å sjå at presseorganisasjonar, juristar, arkivarar og andre høyringsinstansar så tydeleg signaliserer at dei ikkje støttar framlegget om å svekkje innsynsretten og dermed høvet til å drive kritisk journalistikk her i landet.
Tiril Rem
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?